Green Island i Dorset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 50°40′44″ N 1°59′27″ W

Green Island sett frå South Deep-kanalen i sørvest

Green Island er ei øy i Poole Harbour i Dorset i England. Ho ligg sentralt i bukta, sør for Brownsea Island og Furzey Island. Øya har status som Area of Natural Beauty (vakkert naturområde, AONB), Site of Special Scientific Interest (SSSI, stad av særleg vitskapleg interesse) og Special Protection Area (SPA, særskild verneområde).[1]

Øya er om lag 0,18 km² stor ved fjøre og 0,07 km² ved flo. Ho er dekt av furuskog og lyngheier. Rundt øya ligg eit stort marsklandområde samt eit strandområde. Det meste av øya består av sandstein. Det står to hus på øya, eit sommar hus og ei hytte. Her er helikopterlandingsplass og ei privat brygge. I lag med naboøyane Brownsea Island og Furzey Island er ho ein av få stader i Storbritannia der det framleis finst ekorn.[2]

Green Island ligg i kommunen Corfe Castle i Purbeck.[1]

Øya er i dag privateigd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 OS Explorer Map OL15 - Purbeck & South Dorset. Ordnance Survey. 2006. ISBN 978-0-319-23865-3. 
  2. http://dorset.ceh.ac.uk/Science_and_Society/Schools/Squirel_Green.htm Ekorn på øya