Green Park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Green Park

Green Park er ein av dei kongelege parkane i London. Parken dekkjer eit område på 16 hektar og er eit viktig bindeledd mellom Hyde Park og St. James's Park.

Til forskjell frå naboparkane har Green Park ingen bygningar, statuer, fontener eller tjern. Den består utelukkande av enger og tre. Parken er omkransa i sør av Constitution Hill, i aust av gangvegen Queen's Walk og i nord av Piccadilly. Den møter St. James's Park ved Queen Victoria Memorial rett ovanfor inngangen til Buckingham Palace.

Den nærmaste undergrunnsstasjonen er Green Park.

Parken blei oppteikna første gong i 1554. Parken blei inngjerda i 1668 av Karl II, som også flytta rådyr inn og bygde eit hus for oppsynsmannen. Parken var då kjent som Upper St. James's Park, men namnet blei endra til Green Park i 1746. Parken blei opna for alle i 1826.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]