Green room

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Under Eurovision Song Contest 2012 var green room plassert midt i salen.

Green room er eit engelsk uttrykk for eit rom bak scena der artistar og skodespelarar kan vere før og etter ein opptreden. Nemninga vart fyrst nytta i 1701 og det er fleire teoriar om kvar det kjem frå. Ein av dei er at rommet vart måla grønt slik at skodespelarane kunne kvile augo sine etter å ha vore i det blendande sceneljoset.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]