Greenpeace

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Greenpeace
Greenpeace logo.svg
Skipa1971
HovudkontorAmsterdam
Tilsette2 900

Greenpeace er ein økonomisk og politisk uavhengig internasjonal miljøorganisasjon. Organisasjonen blir finansiert av støttemedlemmar og gåver, og tek aldri imot bidrag frå stat eller næringsliv. Gjennom ikkje-valdelege aksjonar, informasjonsarbeid og lobbyverksemd set han søkelys på ulike miljøproblem. Organisasjonen har kontor i over 40 land, tre millionar støttemedlemmar og per 2014 hadde han inntekter på rundt 270 millionar euro (ca. 2,2 milliardar kroner).[1]

Greenpeace Norge blei stifta 22. august 1988.[2]


Greanpeace er verksam i alle dei grønfarga landa på verdskartet

Historie[endre | endre wikiteksten]

Forløparen for Greenpeace var komiteen Don't Make A Wave, som i 1971 freista å stoppa amerikanske kjernevåpenforsøk i Alaska. Protestane stoppa ikkje USA frå å detonera bomba. Sjølv om testen ikkje utløyste korkje jordskjelv eller tsunami, voks opposisjonen då USA annonserte at dei ville detonera ei bombe som var fem gonger kraftigare enn den første. Don’t Make a Wave-komitéen tok seinare namnet Greenpeace. På nokre år spreidde Greenpeace seg til fleire land og byrja å protestera mot andre miljøspørsmål, som kommersiell kvalfangst, ulovleg fiske og giftig avfall.

Oppbygging og struktur[endre | endre wikiteksten]

Greenpeace er ein internasjonal organisasjon der det internasjonale hovudkontoret er i Amsterdam i Nederland. Vidare har organisasjonen 28 nasjonale eller regionale kontor rundt om i verda, og er representert i over 42 land. Dei nasjonale og regionale kontora støttar mindre grupper med lokal forankring.

Greenpeace Norden[endre | endre wikiteksten]

Greenpeace blei etablert i Danmark i 1982, i Sverige i 1983, i Noreg i 1988 og i Finland i 1989. I mai 1998 blei organisasjonane i Noreg, Sverige og Finland slått saman til ein, med hovudkontor i Stockholm. I mars 1999 blei også organisasjonen i Danmark ein del av Greenpeace Norden. Organisasjonen har ca. 90 000 medlemmar og hovudkontor i Stockholm og avdelingskontor i København, Oslo og Helsingfors.

Skipsflåten[endre | endre wikiteksten]

Raibow Warrior III

Organisasjonen er kjend for fleire båtar (Greenpeace-skip) som blir brukte til aksjonar og informasjonsarbeid. I dag har organisasjonen ein luftballong, fleire gummibåtar og motorskipa «Arctic Sunrise», «Esperanza», «Argus» og «Rainbow Warrior III».[3]

Greenpeace har hatt fleire skip med namnet «Rainbow» Warrior. Mellom dei eit som vart senka av fransk etterretning i Auckland hamn 10. juli 1985.

Rainbow Warrior III[endre | endre wikiteksten]

Til organisasjonen sitt 40-årsjubileum i 2011 bestilte Greenpeace ein 57 meters båt til å erstatta ein tidlegare «Rainbow Warrior». Seglskipet til 32 millionar euro blei utforma av skipsarkitektane ved Gerard Dijkstra & Partners i Nederland og blei bygd ved Fassmer Shipyard i Tyskland. Skipet fekk halv-automatisk motor, kan drivast hovudsakleg ved vind og segl, men har høve til å bruka ein diesel-elektrisk Volvo Penta-motor. Båten har høve til å operera i alle klimatiske områdaer i verda og kan utføra forskingsaktivitetar, sjøsetja gummibåtar i røff sjø og har helikopterdekk.[treng kjelde]

Bortsedd frå å bruka vindkraft ved bruk av segl og gjenbruk av varmen frå motoren, har båten òg eit miljøvennleg, biologisk reinseanlegg for kloakken og gråvatn frå besetninga.[4][5][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Greenpeace