Greensleeves
«Greensleeves» er ei tradisjonell engelsk folkevise. Melodien vert spelt over ein grunnbass som anten er på ei form kalla ein romanesca eller ein variant kalla passamezzo antico. Romanesca-varianten har opphavet sitt i Spania[1] og bestå av ein sekvens av fire akkordar med ein enkel, repeterande bass.
Ei skillingsvise med dette namnet vart registrert hos London Stationer's Company i september 1580[2] av Richard Jones, som «A Newe Northen Dittye of ye Ladye Greene Sleves».[3] Seks balladar til følgde mindre enn eit år etter, ein på same dagen, 3. september 1580 («Ye Ladie Greene Sleeves answere to Donkyn hir frende» av Edward White), så 15. og 18. september (av Henry Carr og igjen av White), 14. desember (Richard Jones igjen), 13. februar 1581 (Wiliam Elderton) og august 1581 (det tredje bidraget til White, «Greene Sleeves is worne awaie, Yellow Sleeves Comme to decaie, Blacke Sleeves I holde in despite, But White Sleeves is my delighte»).[4] Han finst så i A Handful of Pleasant Delights (1584), som framleis eksisterer, som A New Courtly Sonnet of the Lady Green Sleeves. To the new tune of Green Sleeves.
Melodien finst i fleire kjelder frå slutten av 1500- og tidleg på 1600-talet, som Ballet's MS Lute Book og Het Luitboek van Thysius, i tillegg til fleire manuskript som er bevarte i Seeley Historical Library ved University of Cambridge.
Opphav
[endre | endre wikiteksten]Det har lenge vore trudd at «Greensleeves» vart komponert av Henrik VIII for kjærasten og den framtidige dronninggemalen Anne Boleyn.[5] Boleyn skal ha avslått kong Henrik sine forsøk på å forføre henne, og det er denne avvisninga som kan vere referert til i songen. Men stykket er basert på ein italiensk komposisjonsstil som ikkje nådde England før etter Henrik døydde, så han er meir truleg å vere skrive seinare.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Greensleeves» frå Wikipedia på engelsk, den 29. juni 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Harvey Turnbull, The Guitar from the Renaissance to the Present (1992)Mal:Full citation needed, p.31. ISBN 0-933224-57-5. Sjå: «Archived copy» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 12. juni 2007. Henta 15. desember 2011..
- ↑ Frank Kidson, English Folk-Song and Dance. READ BOOKS, 2008, p.26. ISBN 1-4437-7289-5
- ↑ John M. Ward, «'And Who But Ladie Greensleeues?'», in The Well Enchanting Skill: Music, Poetry, and Drama in the Culture of the Renaissance: Essays in Honour of F. W. Sternfeld, edited by John Caldwell, Edward Olleson, and Susan Wollenberg, 181–211 (Oxford:Clarendon Press; New York: Oxford University Press, 1990): 181. ISBN 0-19-316124-9.
- ↑ Hyder Edward Rollins, An Analytical Index to the Ballad-Entries (1557–1709 in the Registers of the Company of Stationers of London (Chapel Hill: University of North Carolina Press, 1924): nos, 1892, 1390, 1051, 1049, 1742, 2276, 1050. Cited in John M. Ward, «'And Who But Ladie Greensleeues?'», in The Well Enchanting Skill: Music, Poetry, and Drama in the Culture of the Renaissance: Essays in Honour of F. W. Sternfeld, edited by John Caldwell, Edward Olleson, and Susan Wollenberg, 181–211 (Oxford:Clarendon Press; New York: Oxford University Press, 1990): 181–82. ISBN 0-19-316124-9.
- ↑ «Greensleeves: Mythology, History and Music. Part 1 of 3: Mythology». Early Music Muse (på engelsk). 3. juli 2015. Henta 23. november 2017.
- ↑ Alison Weir, Henry VIII: The King and His Court (New York: Ballantine Books, 2001): 131. ISBN 0-345-43708-X.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Greensleeves». musopen.org. Arkivert frå originalen 13. mai 2014. Innspeling i offentleg eige
- Transcription of the lyrics from A Handful of Pleasant Delights (1584)
- «Transcription of the sheet music from the version in William Ballet's Lute Book (c. 1580)». Arkivert frå originalen 23. februar 2012. Henta 2. april 2010.
- Andrew Kuntz, The Fiddler's Companion: see under Greensleeves [2]
- Greensleeves Arkivert 2012-06-14 ved Wayback Machine. on TradTune.com