Grefsenåsen kapell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°57′38″N 10°47′49″E / 59.960580°N 10.797039°E / 59.960580; 10.797039

Grefsenåsen kapell fotografert mellom 1935 og 1940.
Foto: Ukjent/Oslo Museum
Kirkens hus under jubileumsutstillinga på Frogner i 1914.

Grefsenåsen kapell stod vest for Lachmanns vei[1][2] i Oslo frå 1916 til 1959. Kapellet var oppført til jubileumsutstillinga på Frogner, som vart arrangert i perioden 15. mai til 11. oktober 1914, og det gjekk under namnet «Kirkens hus» så lenge utstillinga varte. Kapellet var teikna av seinare byarkitekt Harald Aars.[3]

Etter at jubileumsutstillinga var over, kjøpte Tøyen småkirkemenighet kapellet og fekk det gjenreist på ei tomt dei eigde i Grefsenåsen. Kapellet vart innvigd 13. august 1916 av biskop Jens Frølich Tandberg.

Kapellet var opent i sommerhalvåret inntil verksemda vart lagt ned og bygningen teke over av Selvaagbygg i 1959. Kapellet vart rive ikkje lenge etter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. DNK om Grefsen kirkes historie
  2. Kart frå 1938 hos Oslo byarkiv
  3. Kirkebøe, M.C. (1956). Oslos kirker i gammel og ny tid: hovedkirker, annekskirker og kapeller. Oslo: Land og kirke. s. 85–86. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]