Grefsen Folkesanatorium

Koordinatar: 59°56′56.839″N 10°47′32.618″E / 59.94912194°N 10.79239389°E / 59.94912194; 10.79239389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°56′56.839″N 10°47′32.618″E / 59.94912194°N 10.79239389°E / 59.94912194; 10.79239389

Eit av husa på sanatoriet.
Foto: Vidar Iversen (2011)
Grefsen Vandcuranstalt i 1864.

Grefsen Folkesanatorium var eit sanatorium i Kristiania skipa i 1858 som det private kaldvassbadet Grefsen Vandcuranstalt, òg kalla Grefsen Bad.[1] Sanatoriet ligg i Kjelsåsveien 49 og 51 på Grefsen i Oslo og er samansett av av fleire bygningar. Alle er kommunalt verna og er eit kulturminne.[2]

Det private badet vart lagt ned i 1898 og same år tok dr. John Fredrik Tank Mjøen over og dreiv staden som eit privat sanatorium for tuberkuløse. Frå 1902 til 1908 var overlege Olaf Tveten leiar og i 1909 tok Kristiania sanitetsforening over og stifta Grefsen Folkesanatorium med 120 sengeplassar. I 1916 fekk sanatoriet eiga avdeling for born med 18 sengar, kapasiteten for dei vart seinare bygd ut til 40.[3]

Grefsen Folkesanatorium blei drive fram til det vart lagt ned i 1970.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Anne-Berit Prestegård: 150 år siden Grefsen Vandcuranstalt ble anlagt, frå På jakt og vakt nr. 4/2008, digital utgåve Arkivert 2014-02-01 ved Wayback Machine.
  2. Grefsen sanatorium Arkivert 2014-02-01 ved Wayback Machine. frå Nasonalt medisinsk museum/Teknisk Museum