Grefsheimmeteoritten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Grefsheimmeteoritten er ein steinmeteoritt som vart funnen på isen på Mjøsa 1. februar 1976 av gardbrukar Johan E. Mellbye. Meteoritten vart funnen i fleire delar på isen, men vog opphavleg litt over 45 gram. Han bestod hovudsakleg av minerala olivin, ortopyroksen og plagioklas. I dag finst meteoritten på utstilling hos Geologisk museum i Oslo.

Meteoritten er kalla opp etter storgarden GrefsheimNes i Ringsaker i Hedmark. Han er den 10. og minste kjende meteoritten i landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]