Greg Foster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Greg Foster
Statsborgarskap USA
Fødd 4. august 1958
Maywood i Illinois
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Greg Foster, fullt namn Gregory Foster, (fødd 4. april 1958) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Chicago som tevla i 110 meter hekk og vann dei tre verdmeistertitlane i øvinga i tida 1983-91. Hans personlege rekord på 13,03 sekundar er frå 1981.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Foster sette USA-rekord på 110 meter hekk med 13,22 sekundar i Eugene i 1978, einast verdsrekordhaldaren Alejandro Casañas frå Cuba hadde betre tid. Ettersom USA boikotta Moskva-OL 1980, deltok Foster ikkje i sommarleikane.

Den 19. august 1981 presterte han 13,03 på korthekken under Weltklasse Zürich, i den same tevlinga landsmannen Renaldo Nehemiah med 12,93 og verdsrekrod vart fyrstemann under 13 sekundar på distansen. Same sesongen vann Foster 110 m hekk i verdscupen i Roma på tida 13,32.

Ved den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, i Helsinki i 1983, kneip Foster gullmedaljen framom heimehåpet Arto Bryggare. Under dei olympiske leikane 1984 i Los Angeles måtte Foster sjå seg slått med tre hundredels sekund av landsmannen Roger Kingdom, og såleis nøye seg med sølvmedaljen.

Under friidretts-VM 1987 forsvarte Foster VM-tittelen på 110 meter hekk, medan skadar gjorde han ute av stand til å kunne kvalifisere seg til Sommar-OL 1988 i Seoul. Både i 1989 og -90 hevda han seg i toppen av verdseliten på korthekken, før han vart dopingdømd og utestengd i eit halvt år.

Våren 1991 vann Foster 60 meter hekk under innandørs-VM i Sevilla. Sommaren 1991 presterte han for fyrste gong på ti år løp under 13,10 sekundar på 110 m hekk. I juli månad vart han klokka inn på 13,06 i spanske Vigo, og vel ein månad seinare fekk han same tida då han vart dømd framom landsmannen Jack Pierce i VM-finalen i Tokyo.

Foster la opp etter 1994-sesongen.

Doping[endre | endre wikiteksten]

I 1990 vart Foster utestengd frå all idrett i seks månader etter å ha avlagd positiv dopingprøve på stoffa pseudoefedrin, efedrin og phenylpropanolamine.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1983 i Helsinki: Gullmedalje – 13,42, framom Arto Bryggare (13,46)
  • OL 1984 i Los Angeles: Sølvmedalje – 13,23, bak Roger Kingdom (13,20)
  • VM 1987 i Roma: Gullmedalje – 13,21, framom Jonathan Ridgeon (13,29)
  • VM 1991 i Tokyo: Gullmedalje – 13,06, framom Jack Pierce (13,06)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]