Greg Wells
Greg Wells | |||
| |||
Fødd | 21. september 1968 (56 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Peterborough | ||
Fødenamn | William Gregory Wells | ||
Opphav | Peterborough i Ontario, Canada | ||
Aktiv | Sidan 1998 | ||
Sjanger | |||
Instrument |
| ||
Verka som |
|
Greg Wells er ein Grammy-vinnande kanadisk plateprodusent, multi-instrumentalist, låtskrivar og lydteknikar.[1] Wells har songar på over 130 millionar selte albumeksemplar og strøymetal over ein milliard. Han har arbeidd med Lin-Manuel Miranda, Kid Cudi, Adele, Michael Bublé, Tick, Tick... Boom!, Rufus Wainwright, John Legend, In The Heights, Taylor Swift, Jazmine Sullivan, The Greatest Showman: Original Motion Picture Soundtrack, Ryan Tedder, OneRepublic, Ariana Grande, Pharrell Williams, Pink, Theophilus London, Dua Lipa, Keith Urban, Celine Dion, Jake Wesley Rogers, Missy Elliot, MIKA, Twenty One Pilots, Carrie Underwood, Deftones, Katy Perry, Jamie Cullum, Aerosmith, Weezer, Sir George Martin, Quincy Jones, Elton John, Burt Bacharach, Andrew Lloyd Webber og The Count Basie Orchestra.
Wells har hatt eigne artiklar i magasinet Modern Drummer som trommeslagar,[2] som pianist i magasinet Keyboard, som synthprogrammerar i Electronic Musician, og som låtskrivar i American Songwriter og Billboard, og som produsent, miksar og komponist på omslaget av Mix i lag med med Ryan Tedder i 2017.
Utval av verk
[endre | endre wikiteksten]- In The Heights - fekk fem Grammy-nominasjonar for miksing av songar for filmen og som medprodusent av albumet i lag med Lin-Manuel Miranda, Alex Lacamoire, and Bill Sherman.
- John Legend – Wells miksa, spelte piano og var medlåtskrivar og medprodusent på songen «Never Break» frå albumet Bigger Love, som vann Grammyprisen for beste R&B-album.
- Adele – «One and Only» på Adele sitt 21, det bestseljande albumet på 2000-talet, og ei av dei bestseljande albuma gjennom tidene.
- The Greatest Showman: Original Motion Picture Soundtrack – Wells vann Grammyprisen i 2019 som produsent og miksing av albumet, som låg på toppen av iTunes-listene i 77 land og som låg på toppen av den britiske albumlista i 28 veker og toppen av den amerikanske albumlista i tre veker. Singelen «This Is Me» vann ein Golden Globe i 2018 og var nominert og framført på Oscarutdelinga same året. Albumet var det bestseljande albumet verda over i 2018.
- Twenty One Pilots – produserte og miksa det doble platinaalbumet Vessel.[2]
- Taylor Swift – produserte den Golden Globe- og Grammy-nominerte songen «Beautiful Ghosts».
- Timbaland og OneRepublic – produserte den store hitten «Apologize», både den Timbaland-remiksa utgåva som kom ut først, og originalversjonen til OneRepublic.[3]
- Mika – produserte, miksa og spelte elektrisk gitar, trommer, piano og bassgitar på hitten «Grace Kelly» frå albumet Life in Cartoon Motion, som låg sju veker på toppen av den britiske albumlista.
- Celine Dion - medlåtskrivar på songen «The Reason» frå albumet Let's Talk About Love, som selde 31 millionar eksemplar verda over.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Greg Wells» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mai 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ GRAMMY.com
- ↑ 2,0 2,1 «Features: Greg Wells». Modern Drummer, Stephen Belans, July 2016.
- ↑ «Billboard Chart Beat» Arkivert 20. mai 2009 ved Wayback Machine.