Gregers Gram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gregers Gram
Gregers Gram.jpg
Fødd 15. desember 1917
Bydel Vestre Aker
Død

13. november 1944
Oslo

Yrke militær

Gregers Winther Wulfsberg Gram (15. desember 191713. november 1944) var ein norsk motstandsmann under andre verdskrigen.

Han vart fødd på Aker og voks opp på Heggeli i Kristiania (no Oslo); han var son av byfogd Harald Gram og Ingrid Meyer. Farfaren hans - med same namn - var jurist og Høgre-politikar. Gram tok eksamen artium i 1937 og byrja å studere jus ved Universitetet i Oslo i 1940, då tyskarane gjorde åtak på Noreg.

Gram tok del i kampane i Noreg våren 1940 i Hamar-området - her vart han mellom anna teken til fange to gonger. Sidan gjekk han inn i motstandsarbeidet, men allereie i 1941 måtte han flykte til Sverige. Han reiste til Storbritannia gjennom Sovjetunionen og var på sovjetisk territorium då tyskarane gjekk til åtak på landet.

Kompani Linge[endre | endre wikiteksten]

I Storbritannia kom han etter kvart inn i Norwegian Independent Company No 1 (òg kjend som Kompani Linge). Han fekk mellom anna trening i propagandaverksemd. Han vart utnemnt til korporal etter endt trening i Skottland. Saman med Max Manus vart han sleppt i fallskjerm over Østmarka i Oslo mars 1943. Heime i Noreg tok han del i Operasjon Mardonius - aksjonen mot tyske skip i Oslofjorden. Sabotasjeaksjonen fann stad natt til 27. april 1943. Forutan Gram og Manus deltok Halvor Haddeland, Einar Riis-Johansen og Sigurd Jacobsen (som seinare vart avretta på Akershus festning). For aksjonen - der mellom anna dei tyske skipa «Ortelsburg» og «Tugela» vart senka - vart Gregers Gram og Max Manus påskjønna med Krigskrossen med sverd. Gram tok òg del i Operasjon Bundle seinare same året, men denne aksjonen vart mislukka.

Bauta ved Njårdhallen

Oslogjengen, 1944[endre | endre wikiteksten]

I 1944 vart Gram tilknytt Oslogjengen som var under leiing av Gunnar Sønsteby. Her tok han del i ei rekkje sabotasjeaksjonar, til dømes aksjonen mot Arbeidsmobiliseringa og sprenginga av Norsk Vacuum Oils lager på Sørenga. Han starta òg Operasjon Derby som skulle spreia svart propaganda blant tyskarar i Noreg. Han dreiv på med aksjonen i Oslo, saman med Max Manus. Gjennom dette arbeidet fekk Gram kontakt med nokre tyskarar som ynskte å dessertere. Desse tyskarane avtala å møte Gregers Gram og Edvard Tallaksen. Dette møtet skulle finne stad på Plasskafeen på Olaf Ryes plass i Oslo, den 13. november 1944. Dessverre viste det seg at «dessertørane» var provokatørar, heile møtet vart iscenesett frå Victoria Terrasse. Det heile enda med skotveksling. Gram vart skoten i halsen og døydde på staden. Tallaksen vart hardt skadd og vart frakta til sjukehus. Han tok sitt eige liv i cella si på Akershus festning 29. november 1944, for ikkje å røpe kameratane sine.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Gregers Gram vart gravlagt på Vestre Gravlund i Oslo. Gregers Grams vei på Ullernåsen er oppkalla etter han og ein byste av han - som vart avduka av Max Manus 13. november 1995 (50 år etter at Gram døydde) - står utanfor Njårdhallen i Oslo. I filmen Max Manus frå 2008 vart Gram spelt av Nicolai Cleve Broch.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

For innsatsen sin under krigen vart Gram påskjønna med følgjande utmerkingar:

Land Orden, medalje Merknad
Flag of Norway.svg Noreg Krigskrossen med sverd (1943), post mortem med to sverd i 1947
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Militærkrossen «Military Cross»
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Militærmedaljen «Military Medal»

Litteratur[endre | endre wikiteksten]