Hopp til innhald

Greinkjempe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Greinkjempe
Greinkjempe
Greinkjempe
Status
Status i Noreg: Framandart som ikkje er risikovurdert
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Kjempefamilien Plantaginaceae
Slekt: Kjempeslekta Plantago
Art: Greinkjempe P. indica
Vitskapleg namn
Plantago indica

Greinkjempe (Plantago indica, tidlegare P. arenaria) er ein eittårig plante i kjempeslekta.[1]

Planten finst på opne vekstsader med sandhaldig grunn. Han er mellom annan funnen på avfallsplassar.[2]

Greinkjempe blir som regel 20-30 cm høg.[1] Stenglane er dekte med korte hår og kan greina seg. Blada er motsette.[3]

Planten veks opphavleg i Nord-Afrika, Europa og Sørvest-Asia aust til Iran og Tian Shan.[1] Han er også funnen fleire stader forvilla eller spreidd som ugras.[2] I Noreg er han ein framandart som er komen inn med ballast. Han er funne spreidde stader på Austlandet.[4]

Frøa er blitt brukt i urtemedisin.[5] Det kan brukast som loppefrø både som helsekost og i hestefôr.[6] Planten er også brukt til fuglemat.[3]

  1. 1 2 3 «Plantago indica». Flora of Pakistan. www.eFloras.org. Henta 19. august 2018.
  2. 1 2 «Plantago arenaria». Online Atlas of the British and Irish flora. Henta 19. august 2018.
  3. 1 2 «Plantago indica L». nathistoc.bio.uci.edu. Henta 19. august 2018.
  4. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 951.
  5. «Assessment report on Plantago afra L. et Plantago indica L., semen» (PDF). European Medicines Agency. 14. mai 2013.
  6. Loppefrø, 150 g - Helios; loppefrø - Høymyr Stall og Hesteutstyr