Hopp til innhald

Grense Jakobselv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grense Jakobselv
stad
Land  Noreg
Kart
Grense Jakobselv
69°46′21″N 30°50′16″E / 69.77261°N 30.83775°E / 69.77261; 30.83775
Wikimedia Commons: Grense Jakobselv
Grensemerke 386
Kapellet

Grense Jakobselv (skoltesamisk Vue'rjemjokk, nordsamisk Vuorjánjohka) er ei grend i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Grenda ligg i eit lite dalføre der Jakobselva renn nordover ut i Varangerfjorden. Elva markerer grensa mot Russland. Tidlegare var det ei permanent busetjing i dalen, men denne vart fråflytta seint på 1970-talet og tidleg på 1980-talet. Forsvaret har sin nordlegaste grensestasjon i Grense Jakobselv, der Ishavsregimentet (IHR) er stasjonert.

For å markere Noreg sin suverenitet over områda aust til Jakobselva fekk kong Oscar II bygd eit kapell i Grense Jakobselv. Kapellet er oppkalla etter han. Oscar IIs kapell vart innvigd i 1869.

Ved Grense Jakobselv finnast gneisbergarter med granulittfacies. Tilsvarande bergartar er funne på Finnmarksvidda; til dømes Jergul-gneisen og Raisædno-komplekset. Desse sterkt metamorfoserte gneistypane dannar ein korridor mellom grunnfjellsområdet i Aust-Finnmark og grunnfjellsområdet på Finnmarksvidda.