Grepa og Mjelva Fabrikker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Grepa og Mjelva Fabrikker var ei industribedrift i ØrstaSunnmøre som eksisterte i tida 1929–2008, og som produserte komfyrar, omnar og andre produkt, under merkenamnet Grepa.

Ein Mjelva varmeomn, 350 KW, truleg produsert på Geiranger, før 1919. Omnen er utan brytar, har ein diameter på 12,5cm og er 27cm høg.


Historie[endre | endre wikiteksten]

Hotelleigaren Karl Johan Mjelva (1871-1928) starta i 1910 ein av dei første komfyrfabrikkane i landet, «Mjelvas Varmeapparatfabrik», på Geiranger. I 1919 vart fabrikken flytta til Veblungsnes og fekk namnet «Mjelvas Elektriske Ovnsfabrik». Verksemda kom i økonomiske vanskar og vart ei tid driven av banken. Då banken litt etter kom under administrasjon, vart det gjort vedtak om å selje komfyrfabrikken. Prisen vart sett til kr 70.000,-.

Havtor Hovden (1892-1983), son til diktarpresten Anders Hovden, fekk då låne pengar av sin morbror, Olaf Devold i Ålesund og kjøpte fabrikken i 1927/28. Året etter (1929) vart fabrikken flytta til Ørsta, og dei to viktigaste grunnane til stadvalet var: Ørsta heradstyre kunne love kraftlevering frå kraftverket i Åmbøfossen og BDS lova anløp med båt til Ørsta ein gong i veka.

Ein annan medverkande årsak til lokaliseringa var låneavtalen som Havtor Hovden gjorde med Olaf Devold: den nye fabrikken skulle leige, og seinare kjøpe, hus og anlegg som låg att etter Ørsten Cement & Betonstøperi som hadde gått konkurs i 1922. Største aksjonæren, som var blitt sitjande att med eigedomane i konkursboet, var nettopp Olaf Devold.

Etablering i Ørsta 1929[endre | endre wikiteksten]

I Ørsta Avis for april 1929 kunne ein lese at ingeniør Hovden hadde forhandlingar med kommunen, og i løpet av sumaren vart varelager, maskiner og utstyr flytta på to båtlaster frå Veblungsnes til Ørsta. Det første produksjonslokalet vart etablert i murhuset som var blitt bygt i 1917 for Ørsten Cement & Betonstøperi og som hadde vore nytta til silo og sorteringsverk for sand. Heilt i byrjinga av september var fabrikken i gang og arbeidde for full køyr. I eit intervju 3. september 1929[1] fortalde Havtor Hovden at ikkje alt var heilt på plass, men han var godt nøgd med arbeidstilhøva og arbeidsfolket i Ørsta. Han meinte at alt låg til rette for at dei kunne lage ein god og billig komfyr som likevel heldt mål i samanlikning med dei beste og dyraste merka.

Det nye selskapet måtte ha eit nytt namn. Mjelva-namnet ville han behalde, det var godt innarbeidd i marknaden for elektriske apparat, men han trong eit nytt merkenamn for komfyren. Under ein tur til Oslo var Havtor Hovden ein dag på Stortorvets Gjæstgiveri saman med forretningsforbindelsar, og det vart diskusjon om namnevalet. Han hadde sjølv ei meining om at det måtte vere eit kort namn, som skulle slutte på bokstaven a. Om litt kom reklamemannen Thor Bjørn Schyberg (frå Forenede Annonsebyråer A/S) og høyrde diskusjonen. Han sa då nokså snøgt: «Da må det bli Grepa!» Havtor Hovden fengde straks på forslaget, opna lommeboka og tok fram ein 100-kroning som han gav til Schyberg som takk og betaling, og dermed var merkenamnet eit faktum.

Fabrikken i Ørsta vart etablert som eit personleg selskap (enkeltpersonføretak) og fekk namnet Grepa og Mjelva Fabrikker (Havtor Hovden). Selskapet vart etter nokre år nær sjølvfinansiert, utan langsiktig gjeld, der anleggsaktiva i kanskje den best utstyrte fabrikken i bransjen, var bokført til tilnærma null.

År med god utvikling[endre | endre wikiteksten]

Havtor Hovden var først og fremst ein særs dugande ingeniør, og var heile tida oppteken av å betre og rasjonalisere produksjonen. Hans filosofi var at produktet skulle vere funksjonelt og ha høg teknisk kvalitet, utsjånaden fekk kome i andre rekke. Men Havtor Hovden var òg ein dugande industrileiar og han bygde opp «Grepa» til å verte ei landskjend bedrift for produksjon av komfyrar, som fekk det omdømet at dei laga både tidsmessige og solide produkt. Ein Grepa-komfyr var usliteleg, heitte det, og han gjekk gjerne i arv.

Etter ei vanskeleg tid dei første åra, fekk verksemda ei sterk og ekspansiv utvikling som varte til ut på 1960-talet. Fabrikken vart nokså snøgt utvida, mellom anna stod ein ny komfyrfabrikk på 1800 kvadratmeter ferdig i 1937 og i 1955 vart det bygt emaljeringsverk. I 1965 vart selskapet gjort om til aksjeselskap.

Dagfinn Hovden, son til Havtor Hovden og leiar av Grepa i tida 1965-1980, omtala åra 1953-1963 som dei beste i bedrifta si historie. Med 100 tilsette vart det i desse åra produsert meir enn 10 000 komfyrar årleg, i tillegg til mange tusen varmeomnar , barnevogner og trø-bilar for born. Men i byrjinga av 1960-åra møtte selskapet etter kvart stendig sterkare konkurranse frå dei store, internasjonale komfyrprodusentane, og salet stagnerte. I 1972 vart det gjort avtale med STK/ITT (Standard Telefon og Kabelfabrikk) noko som auka omsetninga, men pressa prisane ned. Fabrikken produserte i denne tida komfyrar og matbodkjølarar som vart marknadsført under merket ITT.[2] Etter 13 år vart samarbeidet avslutta.

Produkt som vart marknadsført under merkevarenamnet Grepa:

  • Grepa komfyrar
  • Grepa varmeomnar
  • Grepa barnevogn
  • Grepa dokkevogn for born
  • Grepa trø-bil for born

Eigarskifte og nedlegging[endre | endre wikiteksten]

Hoover Grepa komfyr (2008)
- modell: HGKW 075

I 1988 byrja eit nytt avsnitt i soga om Grepa og Mjelva Fabrikker då selskapet vart seld til Forste OY, eit finsk selskap som høyrde til Helkama-konsernet. Firmanamnet vart endra til Grepa Forste AS, seinare endra til Helkama Grepa AS. Dei nye eigarane ville flytte fabrikken ut av Ørsta sentrum og samstundes var kommunen interessert i å få utvikle det gamle fabrikkarealet til eit kjøpesenter. Ørsta kommune kjøpte fabrikktomta for 30 millionar kroner og ny fabrikk på 10.000 m2 vart bygd på Mosmarka i Ørsta. Bygget var finansiert med 55% av Ørsta kommune og resten lånefinansiert via Volda og Ørsta Sparebank.[3]

I samband med flyttinga til Mosmarka vart heile det gamle industrianlegget i Ørsta sanert, og er i dag dominert av parkeringsplassar og kjøpesenter. Då med unnatak av éit hus som er teke vare på: kunsthuset - det opphavlege murhuset frå 1917. Kommunen tok over dette huset og det vert no nytta av Volda og Ørsta Kunstlag til utstillingar. I tillegg huser bygget eit kontor for turistinformasjon.

Sumaren 2002 var det nye fabrikkbygget ferdig og Helkama Grepa AS kunne halde fram med produksjonen i nye, tidsmessige lokale, der dei mest moderne hjelpemiddel vart tekne i bruk. Men produksjonen i den nye fabrikken skulle vare berre i seks år; sjølv om fabrikken i Ørsta gjekk med overskot og det var gjort store investeringar i maskiner og anlegg, valde Helkama-konsernet å legge ned. Hovedgrunnen til dette var truleg at konsernet hadde store tap på sal av kvitevarer og i 2007 gjorde dei vedtak om å selje heile produksjonselskapet for kvitevarer til det italienske Candy Group. Måndag 30. juni 2008 passerte den siste ekte Grepakomfyren samlebandet i Ørsta og den då eldste komfyrfabrikken i Noreg var historie.[4]

1937 var det første året då omsetninga til Grepa og Mjelva Fabrikker passerte 1 million. I alle år seinare var omsetninga jamt aukane, og det siste året (2007) hadde fabrikken ei omsetning på om lag 120 mill.

Bedriftsleiarar gjennom tidene:

  • Havtor Hovden - 1929–1965
  • Dagfinn Hovden - 1965–1980
  • Steinar Hammersvik – 1980-1986
  • Sigbjørn Trygve Flø - 1986–1996
  • Ola Jon Mork - 1997–2004
  • Sigbjørn Trygve Flø - 2005–2008

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. «Grepa og Mjelva Fabrikker» - artikkel i Ørsta Avis 3. september 1929
  2. Artikkel i Møre-Nytt 29. desember 1980.
  3. [1] Artikkel i Møre-Nytt 21.desember 2014
  4. [2] Siste dag for Grepa i Ørsta – NRK Møre og Romsdal
Litteratur
  • Ørsta mellom fjell og fjord – av Lasse Thorseth (Thorseth Video 2006)
  • Hva brast så høyt? – av Ola Skjåk Bræk (Nordvest Forlag AS 1990)
  • Mi gamle grend – skrift nr 14 (2005) Hovdebygda soge- og velferdslag
  • Artikkel i Ørstaminne, årsskrift 2016 frå Ørsta Sogelag
  • Opplysningar frå Dagfinn Hovden, Ørsta