Greplyng
Utsjånad
| Greplyng | |
Greplyng | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Lyngordenen Ericales |
| Familie: | Lyngfamilien Ericaceae |
| Underfamilie: | Ericoideae |
| Stamme: | Phyllodoceae |
| Slekt: | Greplyngslekta Kalmia |
| Art: | Greplyng K. procumbens |
| Vitskapleg namn | |
| Kalmia procumbens | |
Greplyng (Kalmia procumbens) er ei plante i lyngfamilien. Arten er den einaste i si slekt og har ei sirkumpolar utbreiing på den nordlege halvkula.

Foto: Øystein H. Brekke
Greplyngen veks på turre rabbar til fjells og er tilpassa desse stadane med sin krypande veksemåte i flate tuer. Han vert berre om lag 2 cm høg. Blada er motsette, stive og harde med nedbøygd kant, og kvite på undersida. Blomsterskaft og begerblad er mørkraude, kronblada lysraude.
Greplyngen finst vanleg i alle fjellområde i Noreg. I Jotunheimen er han funnen opp til 1920 m. Greplyngen blømer kring juli i høge fjell, tidlegare i lågare fjell.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Greplyng i Sørfold i Noreg.
- Greplyng i Austerrike
- Greplyng frå Grønland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Krypljung» frå Wikipedia på svensk, den 19. juni 2010.