Gresk Thráki
| Θράκη Thráki | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| |||||
|
| |||||
| Land: | Hellas | ||||
| Hovudstad: | Komotiní | ||||
| Periferi: | Aust-Makedonía og Thráki | ||||
| Folketal: | 346 259[1] | ||||
| Areal: | 8 578 km² | ||||
| Folketettleik: | 40,3/km² | ||||
| Heimeside: | Ministry for Macedonia–Thrace | ||||
Thráki (gresk Θράκη) eller Gresk Thráki, òg kalla Vest-Thrakia, er den nordaustlegaste av dei tradisjonelle regionane i Hellas. Thráki og regionane Thessalía og Makedonia vert ofte uoffisielt kalla Nord-Hellas.
Området dekkjer den sørvestlege delen av Thrakia og var ein del av Det osmanske riket fram til den første balkankrigen i 1912. I den andre balkankrigen kjempa Bulgaria og Hellas om området, men i București-traktaten tilfall Vest-Thrakia Bulgaria, som hadde kontroll over området til slutten av den første verdskrigen. Etter bulgarsk tap i denne krigen vart Vest-Thrakia ein permanent del av Hellas i 1919-1920.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Gresk Thráki omfattar periferieiningane (tidlegare prefektura) Évros, Rodópi og Xánthi og inngår i periferien Aust-Makedonía og Thráki. I vest grensar regionen til Makedonia langs elva Néstos (Mesta), i nord dannar Rodopifjella ei grense mot Den thrakiske sletta (Nord-Thrakia), og mot aust er det elva Évros (Maritsa) som dannar grense mot Tyrkia og Aust-Thrakia, med unntak av eit lite område utanfor Edirne, der grensa går eit stykke inn på vestbreidda av elva.
Byar
[endre | endre wikiteksten]| Dei største byane i Thráki (2021) er:[1] | |
| 1. Alexandroúpoli | 59 476 |
| 2. Xánthi | 58 748 |
| 3. Komotiní | 51 732 |
| 4. Orestiáda | 18 164 |
| 5. Didymótikho | 8 611 |
Periferieiningane
[endre | endre wikiteksten]Dei tre thrakiske periferieiningane er:
| Periferi | Hovudstad | Areal | Folketal 2021[1] | |
|---|---|---|---|---|
| Thráki Del av Aust-Makedonía og Thráki består av: | ||||
| 1 | Periferieininga Xánthi | Xánthi | 1 793 km² | 108 195 |
| 2 | Periferieininga Rodópi | Komotiní | 2 543 km² | 104 262 |
| 3 | Periferieininga Évros | Alexandroúpoli | 4 242 km² | 133 802 |
| Totalt | Thráki | Komotiní | 8 578 km² | 346 259 |
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]| Tradisjonelle regionar i Hellas | ||
|---|---|---|
| Thráki • Makedonía • Ípiros • Thessalía • Sentral-Hellas • Attikí • Peloponnes • Dei egeiske øyane • Dei joniske øyane • Kreta | ||