Gresk kunst frå antikken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herakles og Atene i svartfigur-dekor måla av Andokides-målaren, kring åra 520-510 fvt.

Kunst frå den greske antikken omfattar store mengder keramikk og myntar og mange steinskulpturar, men ikkje så mange som det finst romerske kopiar av. Det finst også nokre få store bronseskulpturar att.[1]

Keramikk[endre | endre wikiteksten]

Raudfigur-keramikk. Innsida av ein kopp frå Attika frå kring 450 fvt.

Måla drikkekar og oppbevaringskar frå antikken har tradisjonelt vore kalla «vasar». Det finst over 100 000 stykke som er rekna som så godt som heile,[2] og mange av dei har inskripsjonar som gir ei peikepinn om livet i Hellas i antikken.

Den kjende og særsmerkte stilen av gresk vasemåling, som viser figurar med sterke konturar, hadde eit høgdepunkt frå kring 600 til 350 fvt.[3] Kar som har vorte funne har hovudsakleg vorte nytta til lagring, servering eller drikking slik som er tilfelle med amfora, kratér (boller for å blande vin og vatn), hydria (vasskrukker), drikkebeger, olje- og parfymeflasker, mugger og koppar. Mindre vanlege er måla kar for servering av mat og til å ete frå.[4] I tidlege periodar vart det laga særeigne kar ein kan rekna som kunstverk på nokre av Dei egeiske øyane, på Kreta, og i dei rike greske koloniane sør i Italia og på Sicilia.[5] Seint i den arkaiske perioden og tidleg i den klassiske perioden hade bystatane Korint og Aten kome til å dominera handelen med kar. Keramikk derfrå vart eksportert til heile den greske verda, og fortrengde lokale variantar. Kar frå Korint og Aten er vorte funne så langt unna som Spania og Ukraina, og er så vanlege i Italia at dei først vart samla på 1700-talet som «etruskiske vasar».[6]

Metall[endre | endre wikiteksten]

Derveni-krateret frå 300-talet fvt. I dette fotografiet ser ein Dionysus og Ariadne.[7]

Sverd, hjelmar og brystpanser vart ofte laga av bronse, somme tider dekorert i edelt metall. [8]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Cook 1986, s. 14–18
  2. «Home page». Corpus vasorum antiquorum. Henta 16. mai 2016. 
  3. Cook, 24–26
  4. Boardman, 86, quoted
  5. Cook, 30, 36, 48–51
  6. Cook, 37–40, 30, 36, 42–48
  7. Boardman, 185–187
  8. Boardman, 64–67; Karouzou, 102

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • "Beazley" The Classical Art Research Centre, Oxford University. Beazley Archive Arkivert 2010-08-19 ved Wayback Machine. – Extensive website on classical gems; page titles used as references
  • Burnett, Andrew, Coins; Interpreting the Past, University of California/British Museum, 1991, {{*Cook, R.M., Greek Art, Penguin, 1986 (reprint of 1972), ISBN 0140218661ISBN|0520076281}}
  • Chamoux, Françios, Hellenistic Civilization, translated by Michel Roussel, Oxford: Blackwell Publishing, 2002 [1981], ISBN 0631222421.
  • Cohen, Ada, Art in the Era of Alexander the Great: Paradigms of Manhood and Their Cultural Traditions, New York: Cambridge University Press, 2010, ISBN 9780521769044
  • Dunbabin, Katherine, M. D., Mosaics of the Greek and Roman World, Cambridge: Cambridge University Press, 1999, ISBN 0521002303
  • Hardiman, Craig I., (2010). "Classical Art to 221 BC", In Roisman, Joseph; Worthington, Ian, A Companion to Ancient Macedonia, Oxford: Wiley-Blackwell, 2010, ISBN 9781405179362.
  • Honour, Hugh, Neo-classicism. Style and Civilisation 1968 (reprinted 1977), Penguin
  • Howgego, Christopher, Ancient History from Coins, Routledge, 1995, ISBN 041508993X
  • Karouzou, Semni, National Museum : Illustrated Guide to the Museum (NM of Athens), 1980, Ekdotike Athenon S.A., ISBN 9789602130049 (later edition)
  • Rasmussen, Tom, Spivey, Nigel, eds., Looking at Greek Vases, 1991, Cambridge University Press, ISBN 9780521376792, google books
  • Rawson, Jessica, Chinese Ornament: The Lotus and the Dragon, 1984, British Museum Publications, ISBN 0714114316
  • Smith, R.R.R., Hellenistic Sculpture, a handbook, Thames & Hudson, 1991, ISBN 0500202494
  • Williams, Dyfri. Masterpieces of Classical Art, 2009, British Museum Press, ISBN 9780714122540
  • Woodford, Susan, An Introduction To Greek Art, 1986, Duckworth, ISBN 9780801419942
  • Greece: From Mycenae to the Parthenon, Henri Stierlin, TASCHEN, 2004
    Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.