Hopp til innhald

Greta Garbo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Greta Garbo

Fødd18. september 1905
FødestadKatarina församling
Død15. april 1990 (84 år)
DødsstadNew York by
FødenamnGreta Lovisa Gustafsson
Aktive år19201941
Verka somskodespelar, filmskodespelar, teaterskodespelar, dansar
MorAnna Lovisa Johansdotter
FarKarl Alfred Gustafsson
PrisarÆres-Oscar, kommandør av Nordstjerneordenen, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Litteris et Artibus, Illis quorum

Greta Garbo (fødd Greta Lovisa Gustafsson, 18. september 190515. april 1990) var ein svensk skodespelar. Ho vart nominert til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle fire gonger og vart løna med ein æres-Oscar i 1955. Garbo er kjend som ein av dei mest myteomspunne personane i filmhistoria. Ho var kjend for sin karisma, klassiske venleik og gåtefullheit. I 1999 vart ho kåra til tidenes femte største kvinnelege filmlegende av Det amerikanske filminstituttet.

Før gjennombrotet

[endre | endre wikiteksten]

Greta Gustafsson voks opp i enkle kår i ein av dei fattigaste bydelane i Stockholm. Faren døydde då ho var fjorten år, og ho måtte tidleg tena til livsopphald. Ho byrja å jobba i ein frisørsalong, seinare vart ho ekspeditrise i eit varemagasin. Den store draumen hennar var å bli skodespelar, og mot alle odds kom ho gjennom nålauget under ei opptaksprøve på Dramaten, og mellom 1922 og 1924 studerte ho ved Dramatens elevskola i Stockholm. Her vart dei særeigne talenta hennar snart oppdaga av den svenske stjerneregissøren Mauritz Stiller, som gav henne kunstnarnamnet Greta Garbo. Han sørgde for at ho som 18-åring debuterte i ei filmatisering av Gösta Berlings Saga. Deretter fekk ho hovudrolla i to svenske spelefilmar og éin tysk. Stiller overtydde henne likevel om at framtida hennar var i USA, og med han som manager og nær venn drog dei i 1925 saman til Hollywood. Dette vart starten på ein eksepsjonell filmkarriere.

Hollywoodårene

[endre | endre wikiteksten]
Garbo rundt 1930.

I USA skaffa Stiller henne kontrakt med filmselskapet Metro-Goldwyn-Mayer. Det internasjonale gjennombrotet kom med Eros (1926) som umiddelbart gjorde ho til ein av dei største stjernene innan stumfilm. Det tette tilhøvet til Stiller kjølna likevel i takt med det stigande ryet til Garbo. Han reiste attende til Sverige i 1928, der han døydde kort tid etter. Dette skal ha gått svært hardt inn på Garbo, som likevel valde å halda fram filmkarrieren. I motsetnad til mange stumfilmstjerner, heldt ho på stjernestatusen då lydfilmen overtok. Trass den mørke, monotone stemmen sin og den gebrokne engelsken, fascinerte ho no kan hende i endå sterkare grad publikum heilt frå den første talefilmen sin, Anna Christie i 1930. Suksessen vart følgd opp med rollen som spion i Mata Hari (1931), og dessutan Grand Hotel (1932) der ho spelte ei dansarinne.

Fram til ho døydde i 1990 levde Garbo heilt tilbaketrekt i ei luksusleilegheit i New York. Ho gifta aldri seg og fekk ingen barn. Garbo vart nominert til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle fire gonger. Ho mottok ein æres-Oscar i 1955, men var ikkje sjølv tilstades ved utdelinga. Garbo har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. I 1999 vart ho kåra til den femte største kvinnelege filmlegenda gjennom tidene av Det amerikanske filminstituttet.[1]

Portrett av Arnold Genthe (1925).

Filmografi

[endre | endre wikiteksten]
Stumfilmer
År Tittel Rolle Regissør Motspelar Merknad
1920 Herrskapet Stockholm ute på inköp Eldre søster Reklamefilm. Garbo sitt segment[2] er ofte kjend som «korleis ein ikkje skal kle seg». Reklamen hadde premiere 12. desember 1920.[3]

[4]

1921 En lyckoriddare Statist Ikkje kreditert. Filmen er tapt.
Konsum Stockholm Promo Companion Reklamefilm.[4]
1922 Luffar-Petter Greta Komedie på to filmrullar.[4] Den fyrste rolla til Garbo i ein kommersiell film.
1924 Gösta Berlings Saga Elizabeth Dohna Mauritz Stiller Lars Hanson Den fyrste hovudrolla til Garbo i ein spelefilm, regissert av mentoren hennar, Mauritz Stiller.
1925 Bak gledens maske Greta Rumfort Georg Wilhelm Pabst Asta Nielsen Garbo speler hovudrolla i denne tyske filmen regissert Georg Wilhelm Pabst.
1926 Alt undtagen kjærlighet Leonora Moreno
også kjent som La Brunna
Monta Bell Ricardo Cortez Den fyrste filmen ti Garbo i USA. Alle dei etterfølgjande filmane hennar er lag i Hollywood og produsert av MGM.
Fristerinnen Elena Fred Niblo Antonio Moreno Stiller var opphavleg tiltenkt regien av denne filmen, men måten hans å regissera på førte til konfliktar i høve til MGM-produsenten Irving Thalberg, som sparka han.
Eros Felicitas Clarence Brown John Gilbert Den fyrste av sjua filmar regisserte av Clarence Brown som Garbo spelte i, og den fyrste av fire filmar med John Gilbert som motspelar.
1927 Anna Karenina Anna Karenina Edmund Goulding John Gilbert Etter Tolstoj sin roman Anna Karenina.
1928 En guddommelig kvinne Marianne Victor Seastrom Lars Hanson Filmen er tapt, berre 9 minutt av han er att.
Den mystiske kvinnen Tania Fedorova Fred Niblo Conrad Nagel
Den grønne hatt Diana Merrick Furness Clarence Brown John Gilbert Den fyrste av sju Garbo-filmar der ho spilte mot Lewis Stone som, med unntak av Ville orkidéer, spelte biroller.
1929 Ville orkidéer Lillie Sterling Sidney Franklin Nils Asther
A Man's Man Seg sjølv James Cruze William Haines Garbo og John Gilbert opptrer i gjesteroller. Tapt film.
Den nye moral Arden Stuart Hewlett John S. Robertson Nils Asther,
John Mack Brown
Kysset Irene Guarry Jacques Feyder Conrad Nagel Garbos og MGMs siste stumfilm.
Lydfilmar
År Tittel Rolle Regissør Motspelar Merknad
1930 Anna Christie Anna Christie Clarence Brown Charles Bickford,
Marie Dressler
Den fyrste talefilmen til Garbo, og den fyrste nominasjonen hennar til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle.
Ditt navn er kjærlighet Madame Rita Cavallini Clarence Brown Gavin Gordon Nominert—Oscar for beste kvinnelige hovedrolle
Anna Christie Anna Christie Jacques Feyder Hans Junkermann,
Salka Viertel
MGM sin tyske versjon av Anna Christie som kom ut i 1930. Salka Viertel, ein nær venn av Garbo, var seinare medforfattar av fleire av hennar filmmanus.
1931 Inspirasjon Yvonne Valbret Clarence Brown Robert Montgomery
Susan Lenox (Her Fall and Rise) Susan Lenox Robert Z. Leonard Clark Gable
Mata Hari Mata Hari George Fitzmaurice Ramon Novarro Etter den stjernespekka Grand Hotel, var dette den av Garbo sine filmar som spelte inn mest pengar.
1932 Grand Hotel Grusinskaya Edmund Goulding John Barrymore,
Lionel Barrymore,
Joan Crawford,
Wallace Beery
Oscar for beste film
Som du vil ha meg Zara alias Marie George Fitzmaurice Melvyn Douglas,
Erich von Stroheim
Den fyrste av tre filmar med Douglas.
1933 Dronning Christina Dronning Christina Rouben Mamoulian John Gilbert
1934 Det brokete slør Katrin Koerber Fane Richard Boleslavski George Brent
1935 Anna Karenina Anna Karenina Clarence Brown Fredric March New York Film Critics Circle-prisen for beste kvinnelege hovudrolle
1936 Kameliadamen Marguerite Gautier George Cukor Robert Taylor
  • New York Film Critics Circle-prisen for beste kvinnelege hovudrolle
  • National Board of Review-prisen for beste skodespelar
  • Nominert—Oscar for beste kvinnelege hovudrolle
1937 Maria Walewska Grevinne Maria Walewska Clarence Brown Charles Boyer På grunn av totalkostnaden på denne ekstragagante produksjonen, som gjekk over budsjettet, kombinert med den dårlege mottakinga på kino, tapte denne filmen 1 397 000 US-dollar.
1939 Ninotchka Nina Ivanovna «Ninotchka» Yakushova Ernst Lubitsch Melvyn Douglas
  • National Board of Review-prisen for beste skodespelar
  • Nominert—Oscar for beste kvinnelege hovudrolle
  • Nominert—New York Film Critics Circle-prisen for beste kvinnelege hovudrolle
1941 Den lettsindige tvilling Karin Borg Blake George Cukor Melvyn Douglas National Board of Review-prisen for beste skodespelar
  1. «AFI's 100 Years...100 Stars» (på engelsk). Det amerikanske filminstituttet.
  2. «Greta Garbo i sina första filmer»YouTube, 27. desember 2010. Henta 3. april 2012. Klippet inneheld også andre «Garbo-reklamar» frå 1920 og 1921.
  3. "Herrskapet Stockholm ute på inköp (1920)" The Swedish Film Database, Swedish Film Institute. Henta 3. april 2012. {svensk}
  4. 1 2 3 The Saga of Gosta Berling. [DVD]. New York: Kino International. Arkivert frå originalen den 2011-11-08.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]