Grete Faremo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grete Faremo

Fødd16. juni 1955 (68 år)
Arendal
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, jurist, forretningsdrivande
InstitusjonarMicrosoft
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
FarOsmund Faremo
EktefelleMagne Lindholm
BarnOda Faremo Lindholm
Alle verv

Grete Faremo (fødd 16. juli 1955 i Byglandsfjord i Setesdal) er ein norsk jurist, forretningskvinne og politikar frå Arbeidarpartiet. Ho har vore statsråd i fire departement, og var frå oktober 2009 forsvarsminister i Regjeringa Stoltenberg II, og frå november 2011 til 2013 var ho justisminister.

Grete Faremo har no og har tidlegare innehatt ei lang rekkje ulike styreverv i både næringsliv og ulike organisasjonar. Ho har også sete i ulike utval som Den Norske Helsingforskomiteén. Ho har i seks år vore konserndirektør i Storebrand, og frå 2003 til 2007 arbeidde ho som direktør for jus og samfunnskontakt for Microsoft i Vest-Europa. Ho er også medlem i PFU (Pressens Faglege Utval). Frå 2009 starta ho igjen som praktiserande advokat, før ho vart forsvarsminister frå 20. oktober 2011 til 16. oktober 2013.

Politisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

3. november 1990 vart Faremo bistandsminister i den tredje Brundtland-regjeringa. Som bistandsminister ønskte ho å setje bistanden inn i ein breiare utanrikspolitisk samanheng, bidra til auka utvikling gjennom betre samordning mellom givarland, enklare system for overføring av bistand og eit tettare samarbeid mellom Noreg og internasjonale bistandsorganisasjonar. 4. september 1992 overtok ho som justisminister, og var særleg opptatt av tryggleik og rettsvern for einskildmenneske. I 1993 vart ho innvald på Stortinget frå Oslo, men Per Skau og Dagny Gärtner Hovig møtte medan Faremo var statsråd.

25. oktober 1996 gjekk Brundtlandregjeringa av til fordel for Regjeringa Jagland, der Faremo vart olje- og energiminister. Same år vart det kjent at Berge Furre hadde vorte overvaka av Politiets sikkerhetsteneste medan han var medlem av Lund-kommisjonen. Faremo måtte ta det politiske ansvaret for dette som hadde pågått medan ho var justisminister, og ho gjekk av som statsråd 18. desember 1996. Faremo karakteriserte hendingane som førte til avgangen hennar som «politisk røvartokt» og skal ha kjent seg offentleg audmjuka. Ho gjekk attende til plassen sin på Stortinget, og var nestleiar i Stortingets energi- og miljøkomité fram til ho gjekk ut av Stortinget i 1997 utan å ha søkt attval.

I 1997 trekte ho seg ut av aktiv politikk, og kom ikkje tilbake før i 2009, då ho den 20. oktober vart forsvarsminister i den andre Stoltenberg-regjeringa.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Grete Faremo var konserndirektør i Storebrand 1997–2003. Faremo gjekk deretter inn i Microsoft, der ho var direktør for arbeid med jus og samfunnskontakt i Nord-Europa 2004–2005 og i Vest-Europa 2005–2008. Ho var partnar i Rådgiverne LOS AS i 2009, og gjekk så inn i politikken att. I tida i næringslivet hadde ho òg ei rekkje styreverv, blant anna som styreleiar i Norsk Folkehjelp 2003–2007, styremedlem i Norsk Hydro frå 2006, styremedlem i COWI AS frå 2008, og dessutan styreleiar i Norsk Helsenett SF frå 1. juli 2009. Ho var òg nestleiar i styret til Forsvarets Forskningsinstitutt frå 2006 inntil ho vart Forsvarsminister i 2009.

Regjering[endre | endre wikiteksten]

Stortinget[endre | endre wikiteksten]

Personleg[endre | endre wikiteksten]

Grete Faremo er dotter til stortingsrepresentant Osmund Faremo (1921-1999).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]