Grete Kleppen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grete Kleppen
Nasjonalitet Norsk
Fødd 8. desember 1953
Molde
Yrke Forfattar, omsetjar
Periode 1998-
Debut Ada

Grete Kleppen (fødd 8. desember 1953) er ein norsk forfattar og omsetjar frå Molde.[1]

Ho debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1998 med romanen Ada.[2]

Kleppen har omsett fleire bøker frå fransk til norsk. I 2007 fekk ho Bastianprisen for omsetjinga si av Les rêveries de la femme sauvage : scènes primitives (norsk tittel: Blendverk : Opphavlege scenar) av Hélène Cixous.[3] Ho har også skrive lærebøker i fransk for den vidaregåande skulen og omsett dikt av Gunvor Hofmo og Knut Ødegård til fransk.[4]

Ho er busett i Frankrike.[2]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1998 – Ada – Roman
  • 1999 – H – Roman
  • 2010 – Blå fuge for far min – Roman

Omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

  • 2003 – Hélène Cixous: Osnabrück – originaltittel: Osnabrück
  • 2006 – Hélène Cixous: Blendverk : opphavlege scenar – originaltittel: Les rêveries de la femme sauvage : scènes primitives
  • 2008 – Hélène Cixous: Gull : breva frå far min – originaltittel: Or : les lettres de mon père
  • 2009 – Jacques Attali: Kort historie om framtida – originaltittel: Une brève histoire de l'avenir
  • 2010 – Hélène Cixous: Sypress – originaltittel: Si pres
  • 2010 – Lubna Ahmad al-Hussein: 40 piskeslag – originaltittel: 40 coups de fouet pour un pantalon
  • 2011 – Lucien Suel: Ein gartnar døyr – originaltittel: Mort d'un jardinier
  • 2012 – Hélène Cixous: Hyperdraum – originaltittel: Hyperrêve
  • 2013 – Véronique Bizot: Utmerkinga mi – originaltittel: Mon couronnement

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 2007: Bastianprisen for Blendverk : Opphavlege scenar, ei omsetjinga av Les rêveries de la femme sauvage : scènes primitives av Hélène Cixous

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Blå fuge for far min». Årets bøker 2010. Oslo: Det Norske Samlaget. 2010. s. 36. 
  2. 2,0 2,1 ««Grete Kleppen»». Nettstaden til Det Norske Samlaget. Henta 16. februar 2012. 
  3. ««Mottakere av Bastianprisen»» (PDF). Nettstaden til Norsk oversetterforening. Henta 16. februar 2012. 
  4. ««SAMBOK: F=(Kleppen, Grete)»». Sambok, Nasjonalbiblioteket. Henta 16. februar 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]