Grete Waitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grete Waitz

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. oktober 1953
Oslo
Død

19. april 2011 (57 år)
Oslo

Yrke friidrettsutøvar, lærar
Språk norsk
Høgd 172 centimeter
Ektefelle Jack Waitz
Grete Waitz på Commons

Grete Waitz (fødd Andersen1. oktober 195319. april 2011) var ein norsk friidrettsutøvar, særleg kjend som maratonløpar. Ho var ein av dei fremste idrettsutøvarane Noreg har fostra. Internasjonalt er ho aller mest kjend for dei ni sigrane sine i New York Marathon, og for å ha vore banebrytar innan kvinnenes langdistanseløp.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Unge år[endre | endre wikiteksten]

Grete Andersen voks opp i Oslo. Ho var flink til å springa allereie som barn, men fekk ikkje vera med i den lokale Idrettsklubben Tjalve fordi klubben den gongen ikkje tok inn kvinner. Det gjorde derimot SK Vidar, som vart den fyrste idrettsklubben ho vart med i. Ho tok lærarutdanning, og jobba i mange år som lærar ved sida av sporten. I SK Vidar trefte ho også trenaren Jack Waitz,[2] som ho gifte seg med i 1975.

Den fyrste internasjonale meisterskapen ho deltok i var EM i 1971 i Helsingfors. Neste år deltok ho under sommar-OL 1972 i München. Gjennombrotssesongen hennar vart 1974, då ho tok tredjeplassen på 1500 m i EM. I 1975 sette ho ny verdsrekord på 3000 m, og ho slo sin eigen rekord året etter. Waitz deltok også i Sommar-OL 1976 i Montreal. Ho tok ikkje medalje under 1500 m her, fordi ho, etter eiga utsegn «ikkje la seg nok frampå».[2] Ho gjorde det svært skarpt i internasjonale tevlingar også dei siste åra på 70-talet.

Ho har framleis, i 2012, dei norske rekordane på 1500 m (4:00.55 i Praha i 1978), ei engelsk mil (4:26.90 i Gateshead 1978) og 3000 m (8:31.75 på Bislett stadion i 1979) og norske bestenotering på 2000 m (5:47.1 i Newcastle i Australia i 1979).[3]

Glanstid: Lengre distansar[endre | endre wikiteksten]

«Kva er det å sjå? Ei kvinne frå Noreg, ein fyr frå Kenya og 20 000 taparar.»

Fjernsynsserien Seinfeld.
Jerry Seinfeld oppsumerer New York Marathon

Det var i langdistanseløp Grete Waitz hadde styrken sin. I 1979 deltok ho i sitt fyrste maratonløp, der ho straks hadde suksess. Frå 1978 til 1988 vann ho New York Marathon ni gonger, noko som gjorde at ho vart særleg kjend i USA. Ho sette ny verdsrekord i maraton tre gonger; sist gong under London Marathon i 1983. Då VM i friidrett vart arrangert for fyrste gong i 1983, var maraton for kvinner den fyrste tevlinga. Waitz kom i einsam majestet inn på OL-stadion i Helsingfors og vann det fyrste VM-gullet i friidrett.[4] I Sommar-OL 1984 i Los Angeles var maraton for kvinner offisiell OL-øving for fyrste gong. Waitz enda der på 2. plass og vann sylvmedalje for Noreg.

I Noreg var ho ein av pådrivarane bak Grete Waitz-løpet i 1984, eit stort mosjonsløp for kvinner. Det vart arrangert sist i 2004, då under namnet Vårspranget.

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

Under Sommar-OL 1988 i Seoul var Grete Waitz flaggberar for Noreg. Under dette OL måtte ho bryta maratonløpet sitt på grunn av plager i eit kne etter ein kneoperasjon kort tid i førevegen.[2]

1990 vart den siste sesongen hennar Grete som løpar på toppnivå. Det året vann ho mange ulike løp, mellom anna maraton i London og Stockholm. Ho vann til saman 33 individuelle noregsmeisterskap på ulike distansar og tok sju kongepokalar.

Dei siste åra av livet sitt budde Grete Waitz mykje i Florida. Ho skreiv også fleire bøker, var ho medforfattar av biografien World Class.

Grete Waitz vart ramma av kreft og levde med sjukdommen i seks år før ho døydde 19. april 2011 på Ullevål Sykehus med mannen ved sida si.[2]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Det står ein statue av Grete Waitz på den norske paviljongen i Walt Disney World i Florida. Utanfor Bislett stadion i Oslo står det også ei statue av henne, utforma av kunstnaren Nils Aas.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

«Grete_Waitz» i Store norske leksikon, snl.no., skriven av Rolf Bryhn.