Grev Dracula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Bela Lugosi som grev Dracula.
Christopher Lee som grev Dracula i filmen Dracula (1958).

Greiv Dracula er fiktiv figur som vart introdusert i Bram Stokers gotiske roman Dracula frå 1897. Boka har inspirert mange andre romanar og noveller om same figur, og dessutan ei rekkje skrekkfilmar. I romanen er Dracula ein transilvansk vampyrgreve, som har overlevd i århundre ved å suga blod av andre menneske. Dracula reiser til England, der han vert jakta på av professor Van Helsing. Figuren har vorte ein arketypisk skikkelse i populærkulturen.

Det har vorte påstått at Bram Stoker lét seg inspirera av den rumenske fyrsten Vlad Draculas liv. Nyare forsking har likevel vist at dette neppe var tilfellet. Stoker støtte berre på namnet og brukte det i romanen sin, som han allereie hadde byrja å skriva.[1] Assosiasjonen har likevel hatt stor tyding for rumensk turisme.

Det amerikanske filminstutters beste skrekkfilmer .[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Elizabeth Miller: Dracula – Sense & Nonsense (Desert Island Books, 2006) ISBN 1-905328-15-X
  2. «AFI'S 100 YEARS...100 HEROES & VILLAINS». Det amerikanske filminstituttet. Henta 28. april 2018.