Grevinnen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grevinnen.

Grevinnen (tidlegare: Klara) er eit sjørøvarskip i forteljingane til Terje Formoe om sjørøvaren Kaptein Sabeltann. Skipet tilhøyrer rollefiguren Greven av Gral.

Ein stor modell av skuta seglar i Kaptein Sabeltanns Verden i Kristiansand Dyrepark, der den også møter på skuta til Kaptein Sabeltann, Den Sorte Dame.

Skuta heitte tidlegare Klara, og var skuta til sjørøvaren Kaptein Sorte Bill av Thorbjørn Egner. Ho vart bygd og designa på Risør Trebåtbyggeri til teikningane av Egner. Til den nye versjonen av den musikalske barne- og familieframføringa Kaptein Sabeltann og den forheksede øya, i 2007, vart det bestemt at Greven av Gral skulle ha ei skute. I staden for å byggje ein ny, vart Klara ombygd til Grevinnen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]