Grevskapet Edessa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Grevskapet Edessa var ein av krossfararstatane på 1100-talet, og låg rundt byen Edessa.

Grevskapet Edessa skilde seg frå dei andre krossfararstatene i at det var landlåst. Det låg fjernt frå dei andre statane og hadde ikkje særleg gode samband med den næraste naboen sin, fyrstedømet Antiokia. Halvparten av grevskapet, medrekna hovudstaden, låg austom Eufrat, mykje lenger aust enn dei andre, noko som gjorde det særleg sårbart. Delen som låg vest for Eufrat, blei kontrollert frå Turbessel.

Grunnlegging[endre | endre wikiteksten]

Balduin av Boulogne går inn i Edessa i februar 1098. Her blir han ønskt velkomen av dei armenske geistlege som ynskte velkomne slutten på sambandet til Konstantinopel.[1]

Balduin av Boulogne forlét hovudhæren til krossfarane, som reiste sørover mot Antiokia og Jerusalem, og drog først sørover inn i Kilikia og så austover til Edessa. Der overtydde han herskaren Thoros til å adoptera han som son og arving. Thoros var gresk ortodoks kristen og var stort sett mislikt av dei armenske ortodokse undersåttane sine. Han blei drepen eller abdiserte (her er historikarane usamde) i mars 1098. Det er ikkje kjend om Balduin var involvert i dette. Etter Thoros blei Balduin herskar og tok tittelen greve, sidan han hadde vore greve av Verdun som vasall under bror sin.

I 1100 blei Balduin konge i Jerusalem då bror hans Godfred av Bouillon døydde. Grevskapet Edessa gjekk til fetteren hans Balduin av Bourcq. Han blei følgd av Joscelin av Courtenay som blei herre over festninga Turbessel ved Eufrat, ein viktig utpost mot seldsjukkane.

Dei frankiske herrane fekk eit godt tilhøve til dei armenske undersåttane sine, og der var jamlege ekteskap på tvers av folkegruppene. Dei tre første grevane gifta seg alle med armenarar. Kona til grev Baldwins døydde i Maraş i 1097, og etter at han fekk makta i Edessa gifta han seg med Arda, barnebarn av den armenske rubendiske høvdingen Konstantin. Balduin av Bourcq gifta seg med Morfia, dotter av Gabriel av Melitene, og Joscelin av Courtenay gifta seg med ei dotter av Konstantin.

Konfliktar[endre | endre wikiteksten]

Balduin av Boulogne tek imot truskapsløfte frå armenarane i Edessa.

Balduin II blei raskt involvert i affærar i det nordlege Syria og Vesleasia. Han hjelpte til med å skaffa løysepengene til Bohemond I av Antiokia frå danisjmendane i 1103, og angreip saman med Antiokia Austromarriket i Kilikia i 1104. Edessa blei angripe seinare i 1104 av Mosul, og både Balduin og Joscelin blei tekne til fange då dei blei overvunne i slaget ved Harran. Fettaren til Bohemond, Tancred, blei regent i Edessa (sjølv om Richard av Salerno i røynda styrte territoriet ) fram til Balduin og Joscelin ble lauslatne mot løysepengar i 1108. Men Balduin måtte kjempa for å få tilbake kontrollen over byen. Tancred blei til slutt overvunnen, men Baldwin måtte alliera seg med nokre av dei lokale muslimske herskarane.

Alle land aust for Eufrat blei i 1110 tapte til Mawdud av Mosul. Men som dei andre angrepa blei ikkje dette følgd opp med eit angrep på sjølve Edessa, sidan dei muslimske herskarane var meir opptekne av å konsolidera si eiga makt.

Balduin II blei konge av Jerusalem då Balduin I døydde i 1118. Eustace av Boulogne hadde betre krav som bror til Balduin, men han var i Frankrike og ynskte ikkje tittelen. Edessa blei gjeve til Joscelin i 1119. Joscelin blei teken til fange igjen i 1122. Då Balduin kom for å redda han, blei også han teken til fange. Joscelin flykta i 1123 og skaffa løysepenger slik at Balduin blei sett fri året etter.

Grevskapet fell[endre | endre wikiteksten]

Joscelin blei drepen i eit slag i 1131 og blei etterfølgd av sonen Joscelin II. På dette tidspunktet hadde atabeg Zengi sameint Aleppo og Mosul og byrja å truga Edessa. Samstundes følgde ikkje Joscelin II særleg med på tryggleiken til grevskapet sitt, og krangla med grevane i Tripoli som så nekta å koma han til unnsetning. Zengi kringsette byen i 1144 og erobra han 24. desember det året. Joscelin heldt fram med å styra landområda sine vest for Eufrat, og han klarte òg å dra fordel av at Zengi døydde i september 1146. Då tok han attende og den gamle hovudstaden sin ei kort tid Byen gjekk tapt att i november, og Joscelin klarte såvidt å koma seg unna. Han blei teken av sonen til Zengi, Nur ad-Din, i 1150, og blei halden fanga i Aleppo til han døydde i 1159. Kona hans selde Turbessel og det som var igjen av grevskapet til den bysantinske keisaren Manuel I Komnenos, men desse områda blei erobra av Nur ad-Din og sultanen av Rum i løpet av året. Edessa var den første krossfararstaten som blei oppretta og også den første som gjekk tapt. Fallet til byen bidrog sterkt til det andre krosstoget i 1146.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Edessa var ein av dei største av krossfararstatane i utstrekking, men ein av dei minste i folketal. Sjølve Edessa hadde rundt 10 000 innbyggjarar, men resten av grevskapet bestod for det meste av festningar. Territoriet til grevskapet strekte seg frå Antiokia i vest til over Eufrat i aust, i det minste i den største utstrekkinga si. Det okkuperte òg ofte land så langt nord som sjølve Armenia. I sør og aust var dei mektige muslimske byane Aleppo, Mosul og Al Jazira (i det nordlege Irak). Innbyggjarane var for det meste assyrarar, jakobitter og armenske ortodokse kristne, med ein del gresk-ortodokse og muslimar. Talet på latinarar blei verande lite, men det fanst ein katolsk patriark.

Grevar i Edessa, 1098–1149[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Les Croisades, Origines et consequences», Claude Lebedel, s.50