West Midlands
(Omdirigert frå Grevskapet West Midlands)
- For regionen med same namn, sjå Vest-Midlands.
West Midlands | |
---|---|
Geografi | |
Status | Seremonielt og metropolitansk grevskap |
Opphav | 1974 |
Region | Vest-Midlands |
Areal | 902 km² |
Demografi | |
Folketal - Totalt (2008) - Folketettleik |
2 619 500 2 904,1 /km² |
Etnisitet | 92 % kvite 6% sørasiatiske 1% svarte |
Distrikt | |
West Midlands er eit metropolitansk grevskap i vest i sentrale område av England med kring 2,5 millionar innbyggjarar. Det vart oppretta i 1975 frå delar av Staffordshire, Worcestershire og Warwickshire. Grevskapet består av sju bykommunar, City of Birmingham, City of Coventry og City of Wolverhampton, samt Dudley, Sandwell, Solihull og Walsall.
Grevskapsrådet i West Midlands vart avskaffa i 1986, så distrikta eller bykommunane er i røynda sameinte styresmakter. Grevskapet vert stundom kalla «West Midlands storbyområde». Dei sju bykommunane og den nærliggande sameinte styresmakta Telford and Wrekin har starta samarbeid som ein ikkje-lovfesta byregion kalla «Birmingham, Coventry og the Black Country».[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «West Midlands (county)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Region's Black Country title Arkivert 2007-03-15 ved Wayback Machine. www.expressandstar.co.uk, 1. september 2006.