Grey District
Grey District | |||
distrikt | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | West Coast | ||
![]() Grey District | |||
Wikimedia Commons: Grey District | |||
Grey District Council i regionen West Coast på Sørøya på New Zealand er eit distrikt som omfattar Greymouth, Runanga, Blackball, Cobden og busetnadar langs Grey River. Arealet er 3,516.48 km² (1,357.72 sq mi). Administrasjonssentereret ligg i Greymouth, der 27 % av innbyggjarane i distriktet bur.
Populasjon[endre | endre wikiteksten]
Distriktet hadde eit folketal på 13 221 ved folketeljinga i 2006, der åtte prosent var maoriar. Av innbyggjarane budde 3600 i Greymouth, 1221 i Runanga, 1707 i Cobden og 330 i Blackball. Om lag 95 % av innbyggjarane er av europeisk avstamming (i følgje folketeljinga i 2001), slik at Grey District har ei svært homogen etnisk samansetjing av innbyggjarane sine. Førti prosent av innbyggjarane hadde inga vidareutdanning i 2001, samanlikna med om lag 27 % på New Zealand sett under eitt.[1]
Infrastruktur[endre | endre wikiteksten]
Det er 619 km vegar i distriktet, av desse har 358 km fast dekke (data frå 2000)[1].
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 Roading Arkivert 2009-03-04 ved Wayback Machine. (frå Long Term Community Outcomes Plan: 2006-2016, endra juni 2007)
- Denne artikkelen bygger på «Grey District» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2010.