Griffel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Griffel laga av skifer og ombunde med papir i enden. Griffelen på bildet er kjøpt i museumsbutikken i Steinach i Tyskland, eit senter for framstilling av griflar frå 1600- til 1960-talet.

Griffel (gjennom tysk, frå gresk graphein, 'skrive') er ein avlang stift eller rissepinne til å skriva med på ei tavle av skifer eller voks.

Ofte blei griflar laga med griffelskifer, ein mjuk leirskifer som kan formast i avlange stykke og lett kan skavast av mot ei hardare skifertavle utan å merka henne permanent.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]