Griffelskifer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Griffelskifer er ein leirskifer med to spalteretningar. Dette gjer at skiferen sprekk opp i lange, tynne brotstykke. Griffelskifer er mjuk og gråblå på farge. Han let seg lett kløyva, og har historisk vore brukt til å laga griflar.

Griffelskifer finst mellom anna i Fichtelgebirge og i England.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Griffelskifer» i Salmonsens konversationsleksikon, Anden Udgave, Bind X: Gradischa—Hasselgren. 126 (1915-1930).