Grigorij Pelsjemskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grigorij Pelsjemskij

NamnГригорий Пельшемский
Fødd1315
FødestadGalitsj
Daud30. september 1442
Helgendag30. september (tilsvarande 17. juni i den gregorianske kalenderen)

Grigorij Pelmesjskij var ein prost frå Vologda som blei kanonisert på ei kyrkjeleg forsamling i 1549. Han blei fødd i Galitsj på 1400-talet og kom frå adelsfamilien Lopotov.

Pelsjemskij blei munk i Bogoroditsjnyj kloster, som blei grunnlagt av prost Avraamij ved Galitsjskojesjøen. Etter å ha flytta til Rostov gjorde han sine gjerningar i Avraamijev klosteret. Etterpå blei han tilsett som igumen i klosteret Spasa na Peskah i Rostov.

Han ønskte ikkje at menneske skulle snakke om han og flytta derfor frå Rostov til ein skog i Vologda. Ei stund budde han i Sosnovetskij kloster og blei rettleia av prost Dionisios Glusjitskij. Så flytta han aleine til breidda av elva Pelsjma som var om lag 30 km frå Vologda der byen Kadnikov seinare blei grunnlagd.

Etter kvart kom det andre munkar til han og dei oppretta eit lite kloster og ei kyrkje dei kalla opp etter Jomfru Maria. Under stridar om kven som skulle bli knjaz i Moskva flytta innbyggjarar frå øydelagde Vologda-område til klosteret der dei blei tatt hyggeleg imot og fekk hjelp om dei trong det.

Prost Grigorij kalla handlingane til Dmitrij Sjemjaka for aggressive og sa at soldatane hans drap dei kristne menneska, og for dette blei prost Grigorij kasta ned på isen frå ei bru etter ordre frå knjazen. Han døydde av alderdom nokre år seinare og blei gravlagd i klosteret han grunnla.

Minnefestdagar for St. Grigorij[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]