Grill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grillar i Jakarta.

Grill (frå fransk gril(l), 'steikerist', via engelsk) er eit apparat eller ein reiskap brukt til grilling. Det kan også visa til ein stad der det blir servert grillmat. Ein grill kan vera svært enkel, som ei grillrist som kan leggjast over eit bål eller montert på ein kasse eller gryte til å ha brennstoff i, eller eit større apparat som er bygd opp frå bakken, kan ha lok, fleire rister og anna utstyr, og eventuelt ha tilførsel av gass eller elektrisitet. Omgrepet kan vidare visa til ein steikeomn med eit varmeelement som kan brukast til grilling.

Kolgrill i bruk.

Hovudtypar[endre | endre wikiteksten]

Den tradisjonelle grilltypen er ein kolgrill. Denne finst i ei rekkje ulike utformingar og bruker trekol eller grillbrikettar til oppvarming. Desse tenner ein ofte ved hjelp av tennvæske. Kolgrillar må brenna ei viss tid slik at grillen oppnår rett temperatur for grilling. Desse grillane kan lett setja røyksmak på grillmaten, noko som kan vera ønskt eller uønskt.

Gassgrill varmar opp maten ved hjelp av brennande propan- eller naturgass. Denne typen grill kan lett tennast ved å trykka på ein knapp, og treng ikkje langvarig oppvarming. Han set heller ikkje røyksmak på maten. Gassgrillar treng tilgang på gass, typisk frå ein behaldar under grillen.

Elektrisk grill bruker varme frå eit elektrisk varmeelement til å grilla mat. Denne grillen oppnår ikkje like høg varme som dei andre grilltypane, og er avhengig av tilgang på elektrisitet. Det finst også elektriske bordgrillar som trygt kan brukast inne. Også steikjeomnar med girllelement kan reknast som elektriske grillar.

Særskilde typar grill[endre | endre wikiteksten]

Eingongsgrillar

Eingongsgrill er ein enkel kolgrill laga av ein liten aluminiumskasse med fastmontert rist på toppen og grillkol eller brikettar inni. Grillen brenn ei kort stund og kan ikkje etterfyllast eller tennast på nytt etter å ha blitt sløkt. Grillen passar godt til å ha med seg på tur og til å steika små måltid på, men kan forsøpla naturen og brenna underlaget han står på.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]