Rist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Grillrist)
Gresk grillrist frå 500-300 talet f.Kr.

Rist er ein reiskap med gitterverk av metall, tre eller kunststoff som har eit visst føremål. Rister kan brukast til varme og matlaging, som vern eller filter.

Mat og varme[endre | endre wikiteksten]

Finmaska rist med handtak.
Nedkjøling av kake på rist.

Rist er ein utbreidd måte å varma mat over eld på, anten ved å steika han direkte på rista eller ved å bruka henne som eit underlag for gryter, panner, takker og liknande. Ei slik rist eller brannjern er typisk laga av jern med små føter slik at ho kan stå i elden utan å ta skade, og utan å sløkka elden. Andre rister kan ha handtak slik at ein kan halda dei over varmen utan å brenna seg.

Primitive grillar er gjerne berre ei stor rist lagt over ein eldstad.[1] I moderne grillar kan ein ha rister til å leggja maten på og som varmeberarar.[2] Ei omnsrist er ei liknande rist til bruk i ein varmluftsomn. Ho slepp varmen til det som skal steikast frå alle kantar.

Ein kan bruka rister til matlaging der ein vil dampa,[3] frityrsteika eller koka mat over lang tid utan å brenna han. [4]

Etter steiking kan ein også bruka rist til å kjøla ned bakverk.[5] Dette gjev ventilasjon, slik at ekstra fukt slepp unna.

Skilje[endre | endre wikiteksten]

Ristlok
Ferist

Rister kan brukast til å skilja område frå kvarandre eller til å filtrera stoff slik at noko går gjennom dei og andre ikkje.

Brannrist er ein type rist som slepp gjennom luft, men hindrar flammar frå å spreia seg ved brann.[6]

Ei dørrist blir lagt ved ei ytterdør, men kan fanga opp skit og fukt frå fottøy. Det blir samla nedi rista og ikkje liggjande oppå, som med ei dørmatte.

Rundt bytre kan ein montera ei trerist som gjev ein solid bakke i staden for laus jord, men samstundes slepp inn vatn.

På gater, fortau og liknande kan ein bruka rister for å sleppa gjennom lys eller vatn utan å fanga opp større ting eller laga farlege hol i bakken. Desse kan brukast i samband med avløp, ventilasjon eller lyskassar til kjellarvindauge. Ei dreneringsrist kan til dømes ha små hol som fottøy ikkje set seg fast i. Avløpskummar kan ha ristlok eller kuppelrister over.

Ferist er ei rist med større hol som blir installert i vegar slik at menneske og køyretøy kan passera, men beitande bufe frykter å falla oppi og derfor held seg på si side av rista.

Rist i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Den heilage Laurentius er ein kristen helgen som har ei rist som symbol av di kan vart teke langsamt av dage ved å steikast på ei jarnrist over glødande kol. Larsok til minne om han er markert på primstaven med ei rist.

Kirkeristen i Oslo har namn etter ei ferist ved kyrkjegarden til Oslo domkyrkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «barbecue» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Kristin Sørdal (15. mai 2015), «- Ikke vask grillen for ofte, sier grillekspert», Din Side 
  3. DAMPRIST SILIKON, nyttig.no, henta 24. september 2017 
  4. FUNKTION GRYTE 15 L M/RIST, Wallendahl, henta 24. september 2017, «Med stor god rist, perfekt til f.eks. pinnekjøtt!» [daud lenkje]
  5. «11 tips for vellykkede kaker», bakeprosjektet.no 
  6. Synnøve Nes (16.10.2003), Brannrist hindrer brannspredning, NRK