Grima naturreservat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Grima naturreservat er eit naturreservat i Gulen kommune i Vestland. Det ligg på den store øya Grima rett nord for Byrknesøya. Føremålet med fredinga er å bevara kystmyrområde i øygarden i Sognesjøen. Arealet er på 1483 dekar og utgjer om lag 1/4 av det samla arealet av dei seks naturreservata i Gulen når ein ser bort frå Vassøyane naturreservat.

Myrressursane her og på austre Sløvåg blir kategorisert som svært viktige.[1]

Regjeringa la 18. juni 2004 fram ein eigen verneplan for myr i Sogn og Fjordane.[2], der 20 myrområde i fylket blei verna. Grima er eit av dei større områda målt i areal. Bakgrunnen var Stortingsmelding nr 68 (1980–81) Vern av norsk natur som fastslo målet om å verne eit representativt naturutval i Noreg. Verneområda i fylket blei registrert i perioden 1971–1985 av botanikarar ved Vitskapsmuseet i Trondheim. Det var og synfaringar i 1999 og 2000 utført av Fylkesmannens miljøvernavdeling, og Direktoratet for naturforvalting anbefalte vern i januar 2004.[3]

Reglar for reservatet[endre | endre wikiteksten]

  • Det må ikkje settast i verk tiltak som kan skade eller forstyrre naturmiljøet.
  • Vegetasjonen er freda mot skade og øydelegging.
  • For dyrelivet gjeld Viltlova og forskriftene tilknytt denne.
  • Nye dyrearter må ikkje bli innført.
  • Motorisert ferdsel, camping, riding med meire er forbode.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Biologisk mangfald i Gulen kommune[daud lenkje] – kartlegging for Gulen kommune, oktober 2005, side 21.
  2. Verneplan for myr i Sogn og Fjordane fylke – Miljøverndepartementet 18. juni 2004.
  3. Verneplan for myr i Sogn og Fjordane fylke - Miljøverndepartementet 18. juni 2004, side 4.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]