Grimnesmål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Ingen gav honom medkjensle, berre vesle Agnar», teikning av George Wright. Agnar baud Grimne noko å drikka.

Grimnesmål, norrønt Grímnismál, òg kalla Grimnismål, er eit visdomsdikt frå Odins munn, i norrøn mytologi i Den eldre Edda. Diktet finst i dei islandske handskrifta Codex Regius og manuskriptet AM 748.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Namnet Grimnesmål tydar «den maskerte si tale», då Grimne tydar «den maskerte». I avslutninga av diktet gjev «den maskerte» seg til kjenne som guden Odin etter at han har gjort greie for korleis verda er utforma, korleis verda kom til ved å ha vorte laga av lekamen til jotunen Yme, kva som er namna på dei ulike heimene som gudane og gudinnane bur i og kven som bur der, korleis treet Yggdrasil vert beita på av både ormar og hjortar og difor går ein låk lagnad til møtes, kva for elvar som renn i verda og kvar dei kjem frå, kva for ulike namn Odin gjev seg ut for å ha i ymse situasjonar, og så bortetter.

Sjølve diktet vert ramma inn av ei prosaforteljing med dette innhaldet:

Frigg og Odin oppfostrar dei to kongssønene Agnar og Geirrød (norrønt Geirrøðr). Frigg tek seg av Agnar og Odin Geirrød. Deretter seglar dei heim, men Geirrød hoppar i land først og støyter båten ut igjen og seier: «Far du dit trolla tek deg». Når faren deira døyr, vert Geirrød konge.

Når Odin skryt av sin fosterson, påstår Frigg at han er gjerrig på maten når gjester kjem på besøk.

Odin reiser forkledd for å undersøkja saka, men Geirrød vert narra til å tru at ein trollmann har kome for å forvandla honom. Når Odin, som kallar seg Grimne, kjem til Geirrøds gard vert han fanga og bunde over eit bål. Etter at Geirrøds son Agnar har gjeve han vatn å drikka kvad han. Når kvadet er ferdig forstår Geirrød at det er Odin han har fanga og reiser seg for å frigjer han, men han fell over sit eige sverd og døyr.

Eit vers i Grimnesmål handlar om Hugin og Munin, Odins to ramnar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]