Grimstad-koret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Mannskvartetten Storm, som seinare fekk namnet Grimstadkoret, vart skipa i 1942. Det tok til i ein kameratflokk på Hareid som alle hadde Grimstad til etternamn; ein av dei var Johan H. Grimstad. Under krigen og utetter i åra, kom det fleire og fleire gutar til, og framleis var etternamnet felles, i tillegg var alle i nær slekt. Storm vart tidleg kjent som eit godt mannskor, og etterkvart vart fleire av medlemmane dugande solistar. Nokre av songarane tok utdanning innan song og musikk. Koret var fleire gongar i NRK-radio, og i 1961 hadde dei eit 30 minutt langt direktesendt TV-program. Dei har også gitt ut grammofonplater og ein CD. Grimstadkoret er i gang enno, og tre av dei som skipa Storm i 1942, er framleis med. I 2007 gav koret ut boka : I songens sitt rike. Storm – Grimstadkoret 1942 – 2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]