Grimstad kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°20′35.31″N 8°35′43.75″E

Grimstad kyrkje
kyrkje
Grimstad-krk.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Vest-Nedenes
Sokn Grimstad
Fellesråd Grimstad
Type Krosskyrkje
Teknikk Bindingsverk
Material Tre
Innvigd 7. april 1881
Klokker 2, støpt i London
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol 1881
Døypefont 1881
Altartavle Bilete måla av Otto Mengelberg 1864
Sitjeplassar 1000
Wikimedia Commons: Grimstad church

Grimstad kyrkje er ei krosskyrkje i Grimstad kommune i Aust-Agder.

Grimstad by fekk si første kyrkje i 1849, men ho vart snart for lita og vart flytta til Nedenes ved Arendal. Der står ho i dag som Engene kyrkje.

Ny kyrkje vart teikna av Henrik Thrap-Meyer og oppført av Johan Gottlieb Heinecke. Då kyrkja vart innvigd i 1881, var ho med sine 1125 sitjeplassar den tredje største trekyrkja i landet (etter Mandal og Vågan). I dag opererer Kyrkjesøk med 1000 plassar.

Altartavla har det opphavelege biletet frå 1864, et Getsemane-bilete måla av Otto Mengelberg, men ramma er nyare. Også klokkene vart overført frå gamlekyrkja. Elles fekk den nye kyrkja nytt inventar.

Kyrkjegarden var tidleg full, og i 1872 vart det opna ny kyrkjegard for byen ved Frivoll. Den er framleis i bruk, og området rundt Grimstad kyrkje er mer som ein park.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Eriksen, Åsmund Bie, red. (1981). Grimstad kirke 100 år 1881–1981. Grimstad menighetsråd. 
  • Eldal, Jens Christian og Havran, Jiri (2002). Kirker i Norge, bind 3: Med historiske forbilder. 1800-tallet. Oslo: ARFO. s. 154-155. ISBN 82-91399-11-5. 
  • Nenseter, Bjarne (1992). «Grimstad kirke». På kirkevandring i Aust-Agder. Arendal: Kilden forlag. s. 72-73. ISBN 82-7627-003-4. 
  • Kyrkjesøk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]