Grimstadgranitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Grimstadgranitt er ein grovkorna, raud bergart. Bergarten er ein biotittgranitt som skjer gjennom eldre bergartar ved Grimstad i Aust-Agder. Grimstadgranitten størkna frå mamga på djupet for kring 910–950 millionar år sidan.

Granitten har blitt brukt i steinindustrien og er valt som fylkesstein for Aust-Agder.

Eit steinbrot i Fjæreheia vart opna i 1966 og steinen vart eksportert under namnet New Red Star. Drifta vart lagt ned etter 10 år, og brotet har i seinare tid vorte nytta som amfiteater.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]