Grindsdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grindsdalen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sogndal
Kart
Grindsdalen
61°12′20″N 6°44′35″E / 61.20553°N 6.74303°E / 61.20553; 6.74303

Grindsdalen, eller Huksdalen er eit dalføre i Sogndal kommune i Vestland. Gjennom dalen renn Grindselvi. Det går veg inn dalen frå garden Huke, og ein traktorveg eit lite stykke inn dalen frå Grinde.

Stølar[endre | endre wikiteksten]

Eit stykke fram i dalen ligg Skitstølen på vestsida av elva. Oppe i lia i aust, om lag like langt framme, ligg Marsete og langt oppe mot fjellet i vest ligg Dalsbotn. Om lag halvvegs framme i dalen ligg Seljevollen, og oppe i lia i aust om lag like langt framme ligg Dalsete. Oppe i lia i aust over Gildalsbrekka ligg Nyastølen og i Gildalen i vest ligg Gildal. Lengst framme i dalen, under fjellet Stav, ligg Stavsete.

Sidedalar og sideelver[endre | endre wikiteksten]

Ved Skitstølen renn elvene Skitstøla og Gåsedøla inn i hovuddalen frå vest. Under Dalsete renn bekken Dalseta inn i hovuddalen. Ved Gildalsbrekka byrjar Gildalen, med elva Gildøla, i vest, og dei to bekkane Nyastøla renn ned i dalen frå aust. Vidare framover hovuddalen renn Stavseta.

Grindsdalen eller Huksdalen?[endre | endre wikiteksten]

Vestsida av dalen heiter Grindsdalen, medan austsida av dalen heiter Huksdalen. Vegen inn dalen går på Huksdalssida, men kryssar elva over til Grindsdalen ved Myklebru. Berre namnet Grindsdalen står på kartet.

Kraftutbygging[endre | endre wikiteksten]

Sognekraft har søkt om konsesjon til å bygge Leikanger kraftverk i Henjaelvi og Grindselvi.