Grindsjön

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grindsjön sett frå sør.

Grindsjön er ein innsjø i Sorunda i Nynäshamn kommunSödertörn, i landskapet Södermanland i Sverige. Inntil innsjøen ligg ein av anlegga til Totalförsvarets forskingsinstitut. Området vart tatt i bruk til militær forsking 1941, innleiingsvis av Militärfysiska institutet, etter at området vart gjeve som gåve av Olof Arrhenius. Delar av arbeidet med det svenske atomvåpenprogrammet vart utført ved Grindsjön.

Grindsjön fekk merksemd 28. juli 2004, då det vart oppdaga at Tony Olsson og tre andre straffedømde lovbrytarar heldt seg her etter å ha rømd frå Anstalten Hall.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 59°5′6″N 17°52′18″E