Hopp til innhald

Grip

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grip
øy
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Kristiansund kommune
Kart
Grip
63°13′00″N 7°36′00″E / 63.216666666667°N 7.6°E / 63.216666666667; 7.6
Wikimedia Commons: Grip (archipelago)

Grip er eit lite fiskevær rett nord for Kristiansund og vestanfor Smøla og TustnaNordmøre. Grip vart oppretta som eigen kommune i 1897, men vart i 1964 innlemma i Kristiansund kommune. Grip var den minste kommunen i landet etter folketal. Ved samanslåinga var det 104 menneske som budde på Grip.[1] Dei siste fastbuande flytte frå øya i 1974. No er det ingen fastbuande på øya, men ho er mykje brukt som ferieplass om sumaren.

Utsikt mot Grip.
Foto: Frode Inge Helland, 1967
Gateparti frå Grip.
Foto: Frode Inge Helland, 1967

Grip er mellom anna kjend for sitt historiske minnesmerke Grip kyrkje, ei stavkyrkje som vart bygd ein gong på 1400-talet. Her er òg eit fyrtårn som vart bygt i 1888.

Folketalsutvikling

[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Grip kommune frå 1801 til 1964:

1801[2] 1.1.1897[1] 1910[3] 1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6] 1.1.1961[6] 1.1.1964[1]
167 198 187 242 270 224 191 132 104
  1. 1 2 3 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. Folketeljing 1801 for Kvernes prestegjeld, frå Digitalarkivet
  3. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 1 2 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  6. 1 2 Folkemengd på Grip 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå