Grip fyrstasjon
![]() Foto: Peter John Acklam | |
Fylke | Møre og Romsdal |
---|---|
Kommune | Kristiansund |
Funksjon | Kystfyr |
Oppretta | 1888 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Fyrtårn | |
Høgd | 44,0 |
Form | Fyrbygning med raudt tårn |
Byggjemateriale | Støypejern |
Fyrlys | |
Lyskarakter | 2 okkulterande glimt kvart 8. sekund |
Lyshøgd | 47 moh. |
Lysvidde | 19 nm |
Status | |
Eigar | Staten |
Automatisert | 1977 |
Avfolka | 1977 |
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne |
![]() Grip fyrstasjon | |
Grip fyrstasjon er eit fyr som ligg på ein naken holme ved fiskeværet Grip utanfor Kristiansund på Nordmøre.
Tårnet er bygd i støypejern og plassert på eit høgt fundament av hogd stein. I tillegg til fyrtårnet finn ein eit betongnaust og to landingar, men landingstilhøva er vanskeleg. Fyret stod ferdig i 1888 og er 44 meter høgt. I 1977 vart fyret avbemanna og automatisert.
Fyret er freda etter lov om kulturminne.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Norsk fyrliste 2008 - side 365» (PDF - 15 mb). Kystverket.
- «Grip fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Grip fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren