Grip stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 63°11′23″N 7°38′10″E

Grip stavkyrkje
kyrkje
Grip stavkirke.jpg

Foto: kirkenorge.no

Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Ytre Nordmøre
Sokn Kristiansund
Fellesråd Kristiansund
Type langkyrkje
Teknikk stavverk
Material tre
Innvigd Truleg kring 1470
 - Endringar 1621, 1860-70-åra, 1932/33
Skip einskipa
Altartavle Alterskåp frå kring 1515
Sitjeplassar 80 sete
Wikimedia Commons: Grip stave church

Grip stavkyrkje står i det fråflytte fiskeværet Grip på øya Grip utom Kristiansund by i Kristiansund kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er nemnd fyrste gong i Trondhjems Reformats 1589, men plar daterast til kring 1470 sjølv om det er mogleg at ho er frå 1300-talet.[1] Kyrkja har framleis mellomalderkjernen inntakt, men mange bygningsdelar er fornya. Skipet og koret har same breidd, 6,5 meter. I 1621 vart veggene i koret skifte og dei nye veggene vart måla. I 1870-åra vart det laga nye vindaugsopningar, og ytter- og innerveggene vart panelte og kvitmåla. Kyrkja er fundamentert på fjell på det høgaste punktet på øya, 8 meter over havet.

Alteret og alterskåpet frå kring 1515.
Foto: Peter John Acklam
Grip stavkyrkje is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Grip stavkyrkje

I 1933 vart det gjort ei omfattande restaurering. Kyrkja vart heva og sett på nytt fundament. Ytterveggene vart bordkledde og tjørebreidde og panelet inni kyrkja vart avdekt. Slik kyrkja står i dag trur ein at ho var på 1600-talet. Kyrkja vart òg restaurert i 1621.[2]

Det gamle mellomalder-altarskåpet, som truleg er laga i Nederlanda, vart òg atterinnsett i 1933. Motivet på altarskåpet er Jomfru Maria med Jesusbarnet flankert av Olav II Haraldsson (heilag-Olav) og St. Margrethe. St. Margrethe vert i katolsk kristendom rekna som ei av dei 14 naudhjelparane som vert påkalla ved sjukdom. Det finst òg ei avbilding av henne i Bergen Museum på to altarskåpfløyer som kom til Bergen Museum frå Hjørundfjord kyrkjeSunnmøre i 1864. Fløydørene på alterskåpet er bort. Alterskåpet er skore i eik og måla, yttermåla er 128 cm breitt og 182 cm høgt.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på «Grip stavkirke»» frå Wikipedia på bokmål som oppgjev desse kjeldene:

  1. Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelen.
  2. Olava Øverland (1995): Våre altertavler. Oslo: Samlaget.
  3. Olava Øverland (1995): Våre altertavler. Oslo: Samlaget.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]