Gris-Gris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gris-Gris
Studioalbum av Dr. John
Språk engelsk
Utgjeve 22. januar 1968
Sjanger New Orleans R&B, psykedelisk rock
Lengd 33:12
Selskap Atco
Produsent Harold Battiste
Kritikk
Dr. John-kronologi 
Gris-Gris Babylon
(1969)


Gris-Gris er debutalbumet til Dr. John (Mac Rebennack). Det vart produsert av Harold Battiste og gjeve ut på Atco Records i 1968. Musikkstilen på albumet er ei blanding av New Orleans-rhythm and blues og psykedelisk rock. Trass i New Orleans-stilen, vart albumet spelt inn i California med fleire musikarar frå New Orleans.

Gris-Gris nådde ikkje salslistene då det kom ut, men har sidan fått mykje god kritikk av moderne kritikarar. Mellom anna er det plasser på 143. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Før innspelinga av albumet, var Rebennack ein erfaren New Orleans-R&B- og rockemusikar som spelte som studiomusikar, låtskrivar og produsent i New Orleans. På grunn av problem med lova og dop, flytte Rebennack til Los Angeles i 1965, der han slo seg saman med ei gruppe studiomusikarar frå New Orleans. Rebennack levde av å spele på forskjellige pop- og rockeinnspelingar, ofte i lag med arrangøren Harold Battiste.[4]

Rebennack ønskte å lage eit album som kombinerte forskjellige delar av New Orleans-musikk og kalla seg Dr. John, etter ein svart mann kalla Dr. John Montaine, som hevda å vere ein afrikansk potentat.[5] Rebennack ønskte opphavleg New Orleans-songaren Ronnie Barron til å fronte bandet som Dr. John, men Don Costa, som var manager for Barron på denne tida, tilrådde han til å ikkje gjere dette. Rebennack tok då sjølv scenenamnet Dr. John.[4][5]

Gris-Gris vart spelt inn i Gold Star Studios i Los Angeles i California. Med eit album klar for innspeling, men ingen førebudde songar, bestilte Dr. John studiotid, som opphavleg var reservert for Sonny & Cher.[4]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Gris-Gris kom ut i 1968 på Atco Records, ein etikett på Atlantic Records. Atlantic-sjef Ahmet Ertegun var motvillig til å gje ut albumet og sa: «Korleis kan me marknadsføre denne boogaloo-skiten?».[4] Gris-Gris gjekk ikkje inn på salslistene.[6][7] I nyare tid har albumet fått særs god kritikk og vart i 2003 rangert som det 143. beste albumet gjennom tidene av Rolling Stone.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Gris-Gris Gumbo Ya Ya»Dr. John Creaux5:36
2.«Danse Kalinda Ba Doom»Creaux, Harold Battiste3:39
3.«Mama Roux»Creaux, Jessie Hill2:59
4.«Danse Fambeaux»Creaux4:56
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Croker Courtbullion»Battiste6:00
2.«Jump Sturdy»Creaux2:20
3.«I Walk On Guilded Splinters»Creaux7:37

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Unterberger, Richie. "Gris-Gris"Allmusic. Henta 20. april 2012.
  2. Moon, Tom (October 14, 1999). «Dr. John: Gris-Gris». Rolling Stone (Straight Arrow). ISSN 0035-791X. Henta 20. april 2012. 
  3. «Dr. John, The Night Tripper—Gris-Gris». The Book of Seth. headheritage.co.uk. Henta 20. april 2012. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Unterberger, Richie (1968). Plateomslagstekst for Gris-Gris av Dr. John [CD liner]. Collectors' Choice Music (131).
  5. 5,0 5,1 Lichtenstein 1993, s. 148
  6. Warwick 2004, s. 338
  7. "Dr. John > Charts & Awards > Billboard"Allmusic. Henta 20. april 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]