Grisedale Tarn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grisedale Tarn
innsjø
St Sunday crag and Grisedale tarn.jpg
Innsjøen og St Sunday Crag
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Høgd over havet 550 moh
Koordinatar 54°30′00″N 3°0′30″WKoordinatar: 54°30′00″N 3°0′30″W
Wikimedia Commons: Grisedale Tarn

Grisedale Tarn er eit vatn i Lake District mellom Fairfield og Dollywagon Pike i Cumbria i England.

I følgje segna ligg krona til Kongedømet Cumbria her etter at ho vart ført hit i 945 av soldatane til den siste kongen, Dunmail, som fall i ei tslag mot dei engelske og skotske kongane.

Grisedale Tarn ligg kring 550 meter over havet og har ei djupne på rundt 35 meter. Her finst bekkeaure, åbor og ål.[1] Ho har utsig via Ullswater mot nordaust, og heile austsida av Dollywagon Pike er tilsigsområde for innsjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Blair, Don: Exploring Lakeland Tarns: Lakeland Manor Press (2003): ISBN 0-9543-9041-5