Große Löffler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Große Löffler
fjell
Grosser Loeffler von Osten.jpg
Große Löffler, sett frå aust
Land Flag of Austria.svg Austerrike
Fjellkjede Zillertaleralpane
Høgd 3 379 moh.
Primærfaktor 368 m m
Førstestiging 1843
Koordinatar 47°1′57″N 11°54′56″EKoordinatar: 47°1′57″N 11°54′56″E
Wikimedia Commons: Großer Löffler

Große Löffler er ein 3 379 meter over havet høg fjelltopp i Zillertalalpane, på grensa mellom den italienske provinsen Bolzano og det austerrikske forbundslandet Tirol. Like nord for fjelltoppen er den 3 225 moh høge grannetoppen Kleine Löffler.

Det pyramideforma fjellet strekker ut markante eggar i nær alle fire himmelretningane. Landegrensa melllom Austerrike og Italia går langs søregga. I bergsidene og ved foten av fjellet ligg større og mindre isbrear.

Den 12. september 1843 steig den austerriksk-slovenske geologen Marko Vincenc Lipold til topps på Große Löffler, saman med ein gemsejeger frå grenda Ginzling.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]