Große Muntanitz

Koordinatar: 47°4′25″N 12°35′20″E / 47.07361°N 12.58889°E / 47.07361; 12.58889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Große Muntanitz
fjell
Große Muntanitz sett frå Kendlspitze, med Kleine Mutanitz til venstre
Land  Austerrike
Fjellkjede Hohe Tauern
Høgd 3 232 moh.
Primærfaktor 717 m
Førstestiging 1871
Koordinatar 47°4′25″N 12°35′20″E / 47.07361°N 12.58889°E / 47.07361; 12.58889
Kart
Große Muntanitz
47°04′25″N 12°35′20″E / 47.073725°N 12.588986°E / 47.073725; 12.588986
Wikimedia Commons: Muntanitz

Große Muntanitz er eit 3 232 meter over havet høgt fjell i Hohe Tauern i Alpane, i forbundslandet Tirol i Austerrike. Fjelltoppen, som er den høgste i det såkalla Granatspitz-massivet, ligg i luftlinje om lag ni kilometer nordvest for landsbyen Kals.

Arthur von Schmid og fjellføraren Thomas Groder nådde toppen, som dei fyrste menneska, den 2. september 1871.

Den merka normalruta frå fjellhuset Sudetendeutschen Hütte er under snøfrie og turre tilhøve rimeleg grei å gange.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]