Großer Arber

Koordinatar: 49°6′44″N 13°8′4″E / 49.11222°N 13.13444°E / 49.11222; 13.13444
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Großer Arber
fjell
Land  Tyskland
Område Bayern
Fjellkjede Bayerischer Wald
Høgd 1 456 moh.
Primærfaktor 1 031 m
Koordinatar 49°6′44″N 13°8′4″E / 49.11222°N 13.13444°E / 49.11222; 13.13444
Kart
Großer Arber
49°06′45″N 13°08′10″E / 49.1125°N 13.136111111111°E / 49.1125; 13.136111111111
Wikimedia Commons: Großer Arber

Großer Arber er den høgaste toppen i Bayerischer Wald i Tyskland med ei høgd på 1 456 meter over havet. Sjølv om fjellet geografisk høyrer til Böhmerwald vert det ofte kalla «Kongen av Bayerisher Wald».

Großer Arber og skogområda ned til Bayerisch Eisenstein høyrer til Prinsen av Hohenzollern.

Så tidleg som i 1939 vart store delar av det unike området lagt under vern. Großer Arber er den einaste toppen i den bayersk-bøhmiske fjellkjeda over tregrensa. Nær Großer Arber ligg det mindre fjellet Kleiner Arber. På toppen av fjellet står to militære radarstasjonar som vart nytta under den kalde krigen sidan fjellet ligg svært nær den tsjekkiske grensa. Großer Arber har òg eit lite skisenter som har hatt renn i verdscupen i alpine greiner.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]