Hopp til innhald

Gro Hagemann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gro Hagemann
Fødd3. september 1945
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkehistorikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Gro Hagemann (fødd 3. september 1945 i Oslo) er ein norsk professor i historie ved Universitetet i Oslo som særleg har forska på kvinnehistorie.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Hagemann vaks opp på Frogner i Oslo. Ho studerte fyrst sosiologi og fekk avgjerande inspirasjon frå dei historiske arbeida til Max Weber. Ho tok hovudfag i 1973 om politisk strid om arbeidsforhold for kvinner på tidleg 1900-talet.[1] Etter hovudfag blei ho i 1974 tilsett som vitskapeleg assistent for Sofie Rogstad ved Privatarkivkommisjonen (no Riksarkivet) i samband med eit prosjekt for registrering av kvinnehistoriske arkiv, som blir rekna som starten på kvinnehistorie som forskingsfelt i Noreg.[2][3] Ho tok doktorgraden i 1989. Ho var forskar ved Institutt for samfunnsforskning frå 1992 til 1996 og hadde samstundes ei bistilling som professor ved Senter for kvinneforsking. I 1996 blei ho tilsett som professor i historie ved UiO.

Hagemann har bakgrunn frå ml-rørsla, og var aktiv i Kvinnefronten1970-talet. Saman med Kitty Strand var ho sentral i utforminga av kvinnepolitikken i AKP(m-l).[4] Ho forlét partiet i 1984, saman med ei gruppe som kritiserte AKP(m-l) for å ha brote «med sentrale kommunistiske prinsipper».[5]

Hagemann mottok Gina Krog-prisen i 2009.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Lavtlønnsyrker blir til: kvinnearbeid og kjønnsskiller i søm og telekommunikasjon 1870–1940, doktorgradsavhandling (1989)
  • Skolefolk: lærernes historie i Norge (1992)
  • Kjønn og industrialisering (1994)
  • Det moderne gjennombrudd 1870–1905, bind 9 i Aschehougs Norgeshistorie (1997)
  • Feminisme og historieskriving – inntrykk fra en reise, Universitetsforlaget (2003)
  • Twentieth-century housewives meanings and implications of unpaid work, (med Hege Roll-Hansen), Unipub forlag (2005)
  • Med kjønnsperspektiv på norsk historie fra vikingtid til 2000-årsskiftet (Med Kari Melby ; Hilde Sandvik m.fl.) Cappelen (2005)
  1. Gro Hagemann Særbeskyttelse av kvinner - arbeidervern eller diskriminering? striden om forbud mot nattarbeide for kvinner, med hovedvekt på diskusjonen i Norge til og med stortingsdebatten i 1909 Hovedoppgave i historie - Universitetet i Oslo, 1973
  2. er tilfeldig hvor kvinner havner i arkivene
  3. Kilden - Informasjonssenter for kjønnsforskning Med blikk for kvinner (portrettintervju med Gro Hagemann) 23.09.2011
  4. Hans Petter Sjøli: Mao, min Mao, Side 191, Cappelen (2005) ISBN 82-02-23353-4
  5. Hans Petter Sjøli: Mao, min Mao, Side 180, Cappelen (2005) ISBN 82-02-23353-4

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]