Grom Basen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Grom Basen er ein liten midjestyrt traktor, produsert av F. Reinhardt & Co (seinare Reinhardt Maskin AS, no ein del av Felleskjøpet) i Kristiansand, frå 1969 til 1975, og var ei vidareutvikling av føregjengaren Agria Basen. Utgangspunktet er ein tyskprodusert tohjulstraktor, Agria Drott 2800. Traktoren er driven av ein luftavkjøld, einsylindra dieselmotor, med ei effekt på 13 kW.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Traktoren hadde konstant innkopla firehjulstrekk. Girkassa hadde 3 hastigheier, pluss høg- og låggir, så det var 6 hastigheiter i kvar retning. Fram- og baklane hadde differensialsperre, og det var ikkje differensial mellom fram- og bakaksling. Han var utstyrt med 40 cm felgar og 8-16 dekk.

Traktoren var utstyrt med trepunktsoppheng bak, og 540 o/min kraftuttak. Han var utstyrt med motorkappe med bukplate i stål, som kom til nytte ved kjøring i skogen.

Fyrste utgåve[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste utgåva av Grombasen hadde, lik forgjengaren, ei røyrramme som kunne setjast i lang eller kort possisjon. Dette endra akselavstanden med kring 40 cm. Motor av typen Hatz E785 med 14hk. Styringa var mekanisk med snekkegir, bremsane var mekaniske med bremsesko på framakselen.

Andre utgåve[endre | endre wikiteksten]

Den andre utgåva, som kom i 1970, hadde ny motor, bakramme av U-profil, oppgradert 3-punktsoppheng og hydrauliskt opererte skivebremsar på bakakselen. Den nye ramma kom med fast lengde og sveisa konstruksjon. Motoren var no ein MAG 1067 DRT på 13 kW ved 3000 o/min. Handbrekk med bremsesko vart montert med fullmekanisk overføring. På starten av 70-talet kom eit krav til betre vern av førar, og frå då kom alle med fastmontert kvelvebur med frontrute av laminert glas og grå presenning på taket.

Skogsbasen[endre | endre wikiteksten]

Etter utgjevninga av andre utgåve Grombasen med fast, lang ramme, starta Reinhardt Maskin AS ein ny modell med namnet Skogsbasen. Denne hadde kort ramme i U-profil, fastmontert to-tromla vinsj med lunnepanne, lunneskjær framme med hydraulisk lyft, Orbitrol servostyring med til to-vegs hydraulikksylinder og 18" hjul med 8-18 dekk. For å få plass til lunnepanna måtte bremsekalipperne bak flyttast til framsida av akselen.

Ekstrautstyr[endre | endre wikiteksten]

Ekstrautstyr til Grombasen var ein-trommelvinsj, lunnepanne og lunnebom. Ein kunne au velja 46 cm hjul og servo frå Skogsbasen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

https://www.youtube.com/watch?v=DRA5tDs_xF4