Grong kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 64°28′0″N 12°17′49″E

Grong kyrkje
kyrkje
none
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Namdal
Fellesråd Grong
Sokn Grong
Type Langkyrkje
Arkitekt Håkon Mosling og Jacob Wilhelm Nordan
Material Tre
Innvigd 1877
Kyrkjegard Ved kyrkja
Wikimedia Commons: Grong kirke

Grong kyrkje er ei langkyrkje frå 1877 i Grong kommune i Nord-Trøndelag fylke. Grong svarer til sokna Grong og Harran i Grong prestegjeld, Namdal prosti i Nidaros bispedømme.

Byggverket er i tre og har 360 plassar.

Tilgang til staden er via Riksveg 760 og Europaveg 6.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før det noverande kyrkjebygd har det stått kyrkje på same staden. Første kjende kyrkje er frå mellomalderen. Pilegrimsleia frå nord passerer kyrkja.

Skulpturen «Madonna med barnet» frå Grong kyrkje i Namdalen har høyrt til kyrkjesamlinga ved Vitenskapsmuseet sidan 1878. Skulpturen er frå rundt 1250 og viser Maria som himmeldronninga sittande med sonen på det venstre kneet sitt. Målinga på skulpturen er i god stand, og den er derfor ei god kjelde når vi skal studere nordisk skulpturteknikk i mellomalderen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Grong kirke», s. 214

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]