Grottebadet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grottebadet

Kart
Grottebadet
68°48′01″N 16°32′23″E / 68.8003°N 16.5398°E / 68.8003; 16.5398

Grottebadet er eit badeland i Harstad i Troms. Det er bygd inne i fjellet i Harstad sentrum, og har mellom anna konkurransebasseng, leikeland og varmtvassbasseng.

Arbeidet med å byggje badet starta i 1999, og det opna i juni 2003. Samtidig med opninga av Grottebadet vart den gamle symjehallen i Kanebogen stengd. Grottebadet har slite med økonomien sidan starten, og avisa Harstad Tidende meldte i 2006 og 2007 om dårleg driftsresultat.[1][2] Etter opninga av Lofast har besøkstala auka.[3] I 2009 var Grottebadet den andre mest besøkte turistattraksjonen i Nord-Noreg, etter Nordkapp, med 198 065 besøkjande.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Harstad Tidende: Pengene renner ut Arkivert 2015-04-17 ved Wayback Machine. (28.08.2006)
  2. Harstad Tidende: Pengene renner ut Arkivert 2015-04-17 ved Wayback Machine. (28. juli 2007)
  3. Harstad Tidende: Grottebadet – en Lofast-magnet Arkivert 2015-04-17 ved Wayback Machine. (08. februar 2008)
  4. «Bare Nordkapp slår Grottebadet», Harstad Tidende (papirutgåva) 7. januar 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]